ss-2736

Olav Hjarholm (1900 – 1996) var frå Brekke. Han vart tilsett som lærar i Hersvikbygda i 1950. Han gifte seg i 1943 med Borghild Sigurdsdtr. Hagen, f. 1926, dei fekk etter kvart 5 born. Dei budde i lærarbustaden på Hersvik, men fekk frådelt tomt i 1965 og bygde romsleg, moderne hus med badekar i kjellaren. Eit stort gode for lærar og grend var det då den nye barneskulen kunne takast i bruk 1965. Olav Hjartholm var lærar i Hersvikbygda til han gjekk av med pensjon. Biletet er frå eit takkekort han sende ut etter feiringa av 90-årsdagen sin.



Solundarkivet i ny utforming.

 

Flickr er namnet på ein av verdens mest brukte fotogalleri tenester på nett. 

 

Her er Solundarkivet plassert. Dette også for å sikte arkivet betre og halde det oppdatert med alt nytt som vert arkivert. Vonar dette vert til gled for dei som ynskjer fylje med i arkivet. 

Pr i dag er det over 2780 bilete som er registrerte. Vi har fortsatt svært mange bilete som er scanna men ikkje registrerte. Dei som opnar seg konto på Flickr (er gratis) får større glede av tenesta. Sjå elles på sida til Solundarkivet, arkivet finn du her (Solund sogelag)


Det er Finn J Hugøy og Hans H Steinsund som arbeider med arkivet i dag.


                                                                                                 Nokre glimt frå arkivet.

ss-2562

Tekst: Her ser det ut som om Marte og Andreas Saltskår har fått besøk. I solveggen tek folk det med ro og nyt helgefreden med søndagsstasen på. Nærmaste grannen, Einar Saltskår, stiller jamvel i dress. Dette kan kanskje vere kring 1945?
Både gamlehuset og stova til Andreas låg den gongen litt oppe kring ei lita grøn flate og hadde ikkje fri utsikt til sjøen.
Framme f. v: Andreas, NN-barn, Marte , og th NN.
Bak f. v. Einar, NN, NN, Agnes (Bergheim) som er dotter til Andreas og Marte, og NN.

Personar: Marte Saltskår (f . Torsteinsdotter Hagen (frå Hagelva) i 1863, gift 1889  med
Andreas Saltskår ( f. Jensson Hersvik, f. 1865).
Agnes Bergheim (1898-1976)

Foto: Solundarkivet/Jan Hagen


ss-2527

Ein velbygd, drektig gavl er ute med sommarsnurpa. Det er søndag og landligge, og mannskapet koplar av til trekkspelmusikk. Ei lita skøyte på andre sida kan vere fylgjaren. Gavlen heitte Per, SF-272-SU, var ny i 1941 og høyrde til på Færøy. I daglegtalen gjekk han for Bakkagavlen. Båten var 44 fot og ein av dei største i Solund av dette slaget. Motor var 20 hk Union. Som eigar står Einar P. Færøy med fleire. Med Per frakta Petter og Einar Færøy ei våpenlast til Sogn under krigen, Reidar Engevik vart med frå Krakhellesundet. Ein nervepirrande tur som enda godt, trass varselskot og motkuling. I 1948 er ikkje båten i fiskeriregisteret lenger og kan vere seld frå Solund.Kanskje rett etter dei kosta Voldi, i 1946.

Foto: Solundarkivet/May Britt Kalgraff. 

                                                                                             

ss-2503

Denne gavlen var ein av dei 4 sulebåtane som prøvde seg med Norsk Diesel Motor. Båten høyrde til på Solneset og var registrert på Alfred B. Ravnøy. I Merkeregisteret for 1940 finn me at det i Solund var montert ein 6 hk og tre 10 hk. Det var Arne Færøy som konstruerte og bygde NDM. Produksjonen føregjekk i Sandbrogaten Bergen. Sulingar kalla NDM for Sambrodiesel. Gavlen, SF 246 SU ny 1930, eksisterte først som rogavl, i 1938 har han fått denne motoren. I 1945 er båten vekke frå solundregisteret, truleg seld. Nr. 3 f.v, Bernt B. Ravnøy. 

foto: Solundarkivet/Odny Ravnøy

________________________________________________________________________________________

Firda skriv dette om årets bok: 

Ein laurbærkrans verdig

LOKALHISTORIE: Sulingar og alle de andre som får årets sogeskrift frå Solund i nevane: Gle dykk! Sogelaget har stått øvst på pallen i fleire år og kliner i år til med ei bok på heile 325 sider! Her kan du lese resten frå Atle Lyngstad Ness i Firda.


 _________________________________________________________________________________________ 

                                                     Solund sogeskrift 2015 er her


2015

Til lesarane!

Kvar einaste sommar og haust ordar folk frampå: ”Kva tid kjem sogeskriftet i år?” Eit spørsmål me slett ikkje mislikar. Det fortel noko om kor stor pris lesarane set på arbeidet me gjer. Sulingar og andre med anar herfrå har vore rause med godorda. I år kan me glede dykk med at denne utgåva, i tillegg til å vere eit innhaldsrikt sogeskrift, også er ei verdig jubileumsbok: Solund sogeskrift nummer 15!

Ingen av oss i skriftnemnda såg føre oss at me skulle halde det gåande i så lang tid med årvisse, fyldige utgåver. Når me no ser oss attende, kjenner me oss både stolte og glade for det me har fått leggje fram av solundhistorie gjennom desse      åra. Utan tvil vil det aller meste av tekst og bilete i desse bøkene vere ein verdfull kulturskatt for solundsamfunnet, både no og i framtida. 

Når me etter kvart fell frå, vil det skrivne og dokumenterte bli stå- ande, til glede også for nye generasjonar, unge og eldre på leit etter røter og slektsmiljø.

Me trur du vil nne mykje interessant og spennande utover på sidene også i denne boka, med nærare 40 titlar å velje frå. Visste du til dømes at det her i kommunen eingong var nesten like mange kornkvernar som her er gardsnummer? At folk frå Stranda juletider traska tur/retur Strandavågen – Kråkevåg for å ringje etter lege? At ei kvinne i nord- solund sleit ut 2 kiper på å bere jord så ho kunne skape blomsterhage på gråberga? Vel- signe deg les! Les og lat deg bergta! Me er overtydde om at både matlaging og ernsyn lyt vente.

Å arbeide fram eit slikt sogeskrift er i høgste grad lagarbeid, i første rekkje mellom med- lemmane i skriftnemnda, men etter kvart også av trottige og solide skribentar utanfrå. År etter år har dei levert spenstige bidrag som sjølvsagt gjev innhaldet større vidd og mangfald, noko som lesarane veit å setje pris på. Me sender ei varm takk til dykk alle for rikt bilettilfang og lødige tekstar.

Til slutt litt om dei meir trivielle realitetane. Alle veit så altfor vel at sjølv ikkje ein skigard kan vare evig, ikkje eingong ein steingard. Etter 15 år med tett innsats har ”dekksmann- skapet” i skriftsnemnda erkjent at etter denne boka, er det tid å takke for turen og gå i land. Dvs. ikkje lenger å stå som medlemmar i skriftnemnda. Årsakene er eire, om enn ulikt fordelte: Alder, konkurrerande føretak, ”energitap”, ynske om større rådvelde over eiga fritid let seg lett peike på. Andre prosjekt som sogelaget er engasjert i, går vidare, og nye sogeskrift vil poppe opp så snart friske krefter tek over og held fram arbeidet.

Me ynskjer deg lune og lukkelege lesestunder når du no sig ned i godstolen med ju- bileumsboka Solund sogeskrift 2015!

Med helsing frå oss i skriftnemnda

Bjørn Magne Hansen, Magne Hamre ,Finn Jonny Hugøy ,Hans H. Steinsund    


IMG 3124

Pakking av Solund sogeskrift 2015.  Foto: Magne Hamre.        

  _______________________________________________________________________________________________________

KLIPP FRÅ 2 MAILAR TIL SOGELAGET

 Det er helst andlet til andlet og på telefonen folk dreg til med ros til sogelaget for arbeidet me utfører. Men når lovorda kjem skriftleg og frå folk med meir tungtvegande innsikt, forstår de sikkert at me skvett til litt. (Litt demping har me tillate oss): 

 Kvaliteten på sogeskriftene fra Solund ligger milevis over alle andre jeg får hvert år - selv om de er skrevet av både professorer og andre "spesialister". Ingen ting kan kompensere for livserfaring og systematisk sunn fornuft. Det viser seg gang på gang. Det enste som blir vanskelig, er for de som skal trø skoa (videre).  

 Jeg har med stor glede fulgt det enorme arbeidet historielaget i Solund (….) har fått til. Kvaliteten på disse årbøkene er eksepsjonell i forhold til det meste av lokalhistoriske publikasjoner som nå heldigvis blir utgitt hvert år. I år blir den ekstra omfattende har jeg hørt. Gleder meg stort.

 Kven er det så som er så raus med godorda? Jau, Geir Stensund, ein velorientert kar frå Heggedal, ein med solid utdanning og over 20 års erfaring frå forlagsbransjen. Han har anar attende til Solund i og med at det var oldefaren hans, Ole Sjursen Halland, som først rudde og sette bu i Holmevika, saman med kona, Inger. Ole tok etternamnet Stensund. Denne fasinerande historia kan du lese i Solund sogeskrift år 2002.

Geir Stensund har gjennom dei seinare åra vore fleire gonger i Solund, og så begeistra for plass og folk er han at han spanderer gratis ein Solund-almanakk 2016, med bilete og greier,  til sulingar og andre interesserte. Denne får du på Gjenbruket Hardbakke og i butikken på Nåra, litt ut i desember.  

 _______________________________________________________________________________________________________ 

 Enno ei gåve til sogelaget

Eit ektepar som stadig vil vere anonyme, har enno ein gong vist si takksemd til Solund sogelag ved å overrekke laget ei ny gåve, i dette høvet på 2000 kroner. Fleire gonger før har desse to vore rause med det dei legg i ”skåla”, til stor glede og inspirasjon for dei av oss som på ulikt vis strevar på for å gje sogelaget ansikt og livskraft. Ein slik omtanke varmar, og me kjenner kor godt det gjer at så mange verkeleg ser og forstår verdien av det me held på med.

Me takkar så hjarteleg og vonar at både gjevarane og de andre også i framtida vil få my- kje glede av Solund sogelag. (hhs)

            ________________________________________________________________________________________________

             Lurer du på kva mønster det er på sølvskeia di? Her er ein gamal broskyre frå Guldsmed Magnus Aase i Bergen.

___________________________________________________________________________________

Takk for innsatsen

DSC 2751

Etter snart 10 år med stort dugnadsarbeid på dei gamle buene i hamna på Hersvik, ser ein i dag resultatet av korleis denne stor bygningsmassen vil verte sjåande ut for framtidige generasjoner. Resten kan du lese på sida til "Krambua"

___________________________________________________________________________________________

M/S "Fjord Viking", tidlegare "Solundir", er mellombels freda av Riksantikvaren.

Grunnen til den mellombelse fredinga er at M/S "Fjord Viking» står i akutt fare for å bli destruert. Fartøyet har mista sin plass i Trondheim hamn, og har blitt avhenda til opphogging.

Eit vedtak om mellombels freding kan bli fatta dersom eit kulturminne er trua. Den mellombelse fredinga gjeld i eit tidsrom på opp til seks månader. Riksantikvaren treng tid til å undersøke verneverdien til fartøyet. Eventuelt må det finnast finansiering og ein langsiktig eigar til båten.

«Solundir» representerer første generasjon ein-skrogs halvplanande passasjerfartøy av aluminium og er i dag den mest intakte av sin type. Etter å ha tenestegjort mellom Bergen og Ytre Sogn fram til 1990, vart fartøyet seld til Trondheim og fekk namnet «Fjord Viking».

ss1477

Historikk
Ekspressbåten «Solundir» hadde sin presentasjonstur i mars 1972. Før kunne det ta opptil 20 timar å reise med båt frå Solund til Bergen. Med den nye «Solundir» tok turen berre rundt tre timar.

«Solundir» vart bygd av aluminium hos Westermoen Hydrofoil for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane var eit av pionerselskapa når det gjeld ekspressbåtar i Noreg, og Westermoen var ein innovatør med internasjonalt gjennomslag i utviklinga av moderne hurtiggåande passasjerfartøy.

Mot siste del av 1960-talet fekk vi den første generasjonen hurtiggåande passasjerfartøy som peiker fram mot dagens moderne fartøy. Det er viktig å sikre sentrale døme på denne generasjonen fartøy, både fordi den dokumenterer eit teknisk sprang som i samtida vart opplevd som eit viktig tidsskilje, og fordi desse fartøya dannar grunnlaget for dagens teknologi.

Ved kai på Hersvik. Foto: Inge Hugøy

Solundir

I natt 2 mai 2015 vart «Fjord Viking» ex FSF sin «Solundir» lasta opp på Fosen Gjenvinning for transpot til Dårfjorden slipp. Ny eigar er Veteranbåtlaget Atløy (VBL), som har meir enn ei hand på rattet med å arrangere årets Fjordsteam.

Båten representerer første generasjon ein-skrogs halvplanande passasjerfartøy, og er i dag den einaste som er att med originale maskiner og innreiing. Bygd i aluminium i 1972 hos Westermoen, og i trafikk for FSF til 1990.

VBL tar over båten etter initiativ frå Riksantikvaren, som også har freda fartyet. Planen er å få henne i operativ stand, og i beste fall vert ho å sjå på Fjordsteam. Målet er å finne eit miljø som har lyst og evne til å ta vare på fartyet, og VBL er klar for vidaresalg.

 Henta frå Riksantikvaren og MS Atløy          _________________________________________________________________________________________

Magnus Hjønnevåg fekk minnemedalje 

Laurdag 6.juni 2015 delte ordførar Ole Gunnar Krakhellen, på vegne av Forsvarsdepartementet, minnemedalje til Magnus Hjønnevåg. På medaljen står det Norge takker deg for innsatsen 1939-1945. I tillegg til medaljen, så fekk han ein blomsterbukett og boka «Solund – eit år der land møter hav» med ei helsing frå ordførar

Magnus Hjønnevåg var krigsseglar frå 1939-1946. Han var med andre ord aktiv både før og etter okkupasjonen av Norge. Medaljen vart overrekt heime hjå Magnus, saman med kona hans Margit, samt dotter og svigerson deira, Eva og Rolf Throndsen. Det var ei koseleg stund saman med dei, der det var snakk om historie og notid. 

 Dette er fjerde medaljen Magnus Hjønnevåg har fått for å sin innsats, han har tidlegare motteke  krigsmedalje, deltakarmedalje og Haakon VIIs Frihetsmedalje. 

Det er ikkje tvil om at vi skuldar Magnus, og mange andre, å minnast innsatsen som er lagt ned for å sikre at Norge er eit fritt land i dag. Det var difor ei høgst velfortent markering i anledning 70årsjubileet for frigjeringa av Norge.

 

Viss nokon har lyst til å lese meir om Magnus Hjønnevåg sin innsats, så kan de lese det Hans H. Steinsund har skrive om han i boka «Krigsseglarar», utgjeve ved Selja forlag i 2008.

Link 

Publisert av Liv Helene Hansen. Ansvarleg Ole Gunnar Krakhellen. 

    _____________________________________________________________________________________________________________

Dei er best på sogeskrift.   cut_firda_3594.pdf


   

-








post@solund-sogelag.no