Det norske luftfartsselskap (DNL) var eit selskap som skulle drive ruteflyging på Norskekysten. Det var etter dei tider store fly. Det var sjøfly. Dei hadde to fly: ”Havørnen” og ”Najaden”. Marsjfarten til desse flya trur eg var 18o km i timen. Flyselskapet DNL var lutlag der og Bergenske Dampskipsselskap var aksjonær.
Den 16. juni fekk vi over telefonen greie på at det var skjedd ei flyulukke i Lifjellet, ”Lihesten”. Brørne mine og eg tok skøyta inn der, nærmast for å sjå kva som føregjekk. Det hadde vore dusjregn om dagen og noko skodde. Særleg låg skodda i fjelltoppane og hylla dei godt inn. Då vi kom inn, var det mykje folk samla ved foten av fjellet. Det var komme mykje av flyet heilt ned. Særleg av kabinen som var smadra i småbitar. Nokre lik var der funne i flyrestane der nede, som folka transporterte ned til næraste hus. Men høgare oppe i fjellet på ein avsats låg det mykje flydelar att som ikkje var komne ned. Høgst oppe, ca 10 meter under toppen, stod flymotoren, og den var faktisk talt pressa inn i fjellveggen. Der oppe måtte to av dei sakna lika ligge. Det var å komme opp til det midtarste platået vi studerte på. Vi sonderte terrenget, og det såg ikkje så bra ut. Vi tok først ei klatring ein ca. 40 meter. Det var temmeleg steilt, det galdt å ha godt feste for hand og fot. Då vi var komne dit, var det ei smal, skrå hylle som vi tok oss fram i. På enden var det eit overheng på ca. 1,5 meter. Det var det vanskelegaste med heile klatringa. Men bror min, Eivind, klarte å svinge seg rundt nova, og då syntest eg det var leitt å stå att når eg var kommen så langt. Då sette eg til, og det gjekk godt.
Vi var då for så vidt komne opp dit restane låg, no var det berre att nokre skråberg før vi var heilt oppe, og dei gjekk greitt. Det var eit nifst syn, mellom forbrende og forvridde flydelar låg det to lik. Då vi ikkje hadde tau, kunne vi ikkje foreta oss noko meir. Det vart rekvirert hjelp frå Bergen, og Bergenske ”Irma” kom til staden med rikeleg tau. Ein mann frå redningskorpset – han heitte Heggernes – var med dei og skulle leie arbeidet. Dessutan var den kjende flygaren Bernt Balchen og direktør Falch i Bergenske Dampskipsselskap med.
Då denne redningskorpsmannen var kommen og høyrde at vi hadde vore oppe på platået, slapp vi ikkje fri, vi måtte vere med opp att. Det gjekk langt lettare å komme seg opp denne gongen. Vi var kjende på kvart fotfeste og kvart handfeste i fjellet. Verre var det for han stakkars Heggernes. Det gjekk då på eit vis til vi kom til overhenget. Då fekk vi han ikkje lenger og måtte feste tau på han for å få han fram. Så var det å pakke lika i presenningar, og fire dei frå høgste nova og ned. Der fira vi og han Heggernes, som heldt lika ut frå nova.
Noko som kan vere interessant å minnast, er at redaktøren for bladet ”Fiskaren”, Harald Wigum, omkom i ulukka. Dei to som låg att oppunder toppen, kunne vi ikkje gjere noko med. Dei fekk fjellklatrarar frå Oslo for å gjere den jobben. Det låg lenge delar av flyet både oppe i fjellet og nedfor. Merket i fjellet der samanstøyten fann stad, var synleg lenge. [les meir]