FRAMSIDE BØKER SOLUNDARKIVET KLYPP FRÅ LOKALSOGA LINKAR KART KONTAKT & INFO
Hermetikkindustri i Solund
Av Kari Hamre og Magne Hamre

Den første hermetikkfabrikken i Norge vart grunnlagt i  1 841, men det var først frå 1910 og utover i 50-åra hermetikkindustrien i landet hadde si glanstid. Kvart år  kunne mellom 6 og 10.000 personar vere sysselsette så   lenge sesongen varte.

Først i Sogn
Det første forsiktige forsøket på kommersiell produksjon av hermetikk i Sogn var det sulingen Hans Søreide ( 1878 – 1963) som stod for. Med namnet ”Solundir Preserving Co – Ytre Sogn – Norwegen” vart det i 1898 starta produksjon av hermetiske fiskebollar. Staden var truleg Indrevær i Ytre Solund. I ”Blad av hermetikkindustriens historie” (hft. 3) skriv C.F. Koldrup Solundir Preserving Co. Nåra, Solund.

Søreide hadde året før gjennomgått eit 3-månaders kurs ved ”Læreanstalten” i Bergen. Etter det reiste han tilbake til Solund for å praktisere, saman med ein kamerat, det han hadde lært. Dei fekk produsert så mykje at dei kunne melde seg på Bergenutstillinga i 1898. Produktet vart heidra med bronsemedalje, men produksjonen av fiskebollar fekk likevel ikkje fabrikkmessig omfang. Det mangla kapital og prosjektet vart avvikla før det kom skikkeleg i gang.

Ei lokal kjelde fortel at denne kameraten truleg var Lars Sørensen som budde på br.nr 2 på Indrevær. Han hadde vore på ”industriskule” i Stavanger. I fiskebollpoduksjonen fekk han som hovudoppgåve å lodde boksane, noko det vert fortalt han var svært flink til.

Hans Søreide reiste vekk og tok arbeid ved Valvatnes hermetikkfabrikk på Sunde i Sunnhordland, men han gav likevel ikkje opp tanken om hermetikkproduksjon. Turen gjekk til Måløy i 1900.

Første forsøk kom ikkje i gang. Seinare (1910) medvirka han, saman med Anton Lien, til oppretting av den kjende fabrikken Moldøen Canning Co. Han var også ein av hovudmennene bak Firda Canning Co. Då denne brann ned i 1917 vart kompaniselskapet oppløyst. Ein ny fabrikk vart for dyr. Søreide gjekk frå. I Ålesund starta og opparbeidde han Møre Preserving Co. A/S ( 1923), mykje kjend for nettopp fiskebollar. Ringen var slutta.

Solund Preserving Co
Under studia av historie i Volda gjorde Kari Hamre intervju med Sverre Takle (1906-1994 ) om hermetisering av krabbe på Hardbakke. Intervjuet vart gjort i 1991.

I 1913 vart det bygt ei sjøbu på Torvikskjeret på Hardbakke. Huset er 12x 7,24 m og har to høgder. Det er oppført i standarverk med bordkleding på to sider og bølgjejern på dei to andre. I 1927 vart det starta opp forsøk med hermetisering av krabbe i denne sjøbua.

-1920-åra var ei dårleg økonomisk tid med mykje arbeidsløyse. Onkelen min, Nils A. Leervaag, som budde i Bergen, hadde tidlegare vore salsrepresentant i Nord-Noreg, men måtte slutte grunna ein kreftsjukdom som delvis øydela stemma hans. Han syntest det var utriveleg å vere i Bergen utan å ha noko å gjere og kom difor til Solund, fortel Sverre Takle. Han var i grunnen òg arbeidslaus i den tida. Etter å ha mista brødrene sine på sjøen i 1924 hadde han avslutta skulegang utabygds og var komen heim att.

-Onkelen min og eg meinte det gjekk an å byrje med ei verksemd i Solund, og det som låg nærast var å knyte seg til sjøen og produkt derifrå.
I dei dagar var det ikkje naudsynt å søke kommunen om løyve til å starte opp, men ein måtte nok ha ei godkjenning frå helserådet. Sjøbua vart innreidd etter helserådet sine føreskrifter for nytting til fabrikklokale. Onkelen fekk tak i billeg material frå tidlegare utstillingshallar i Bergen som dei to karane brukte til å isolere sjøbua med. [les meir]

Hans Zakarias Søreide (1878 – 1963) var son til Jakob Hansson Søreide og Sofie Sørensdotter Indrevær. Dei budde på br.n. 4 Indrevær. Jakob Hansson Søreide var frå Lavik prestegjeld og kom frå Balestrand lærarskule i 1875. Hans Søreide var ordførar i Sør-Vågsøy 1920 –22. Frå Fylkesarkivet.
Fotostatkopi av etikett på fiskeboll-boksane til Solundir Preserving Co- Ytre Sogn Norwegen. ”Til bollerne kan tillaves supper og saucer hvortil kraften benyttes.”
Saman med onkelen Nils A. Leervaag (1875-?) dreiv Sverre Takle ( 1906 –1994 ) hermetisering av krabbe frå 1927 til 1930. Foto: M. Hamre.