FRAMSIDE BØKER SOLUNDARKIVET KLYPP FRÅ LOKALSOGA LINKAR KART KONTAKT & INFO
"Johannes Eide" forliste i forrykande uver 1934
Av Hans H. Steinsund

Den 54 fots lange Kolgrov-kutteren ”Johannes Eide”, med 36 HK Avanse, var utleigd til håbrannfiskarar i dåverande Herdla kommune. Mannskapet på 5 om bord i den ti år gamle båten var alle frå denne kommunen. I det fælslege uveret kring 1. mars heldt fleire av håbrannbåtane på å gå ned. ”Johannes Eide” og ”Nordlys”, med mannskap på til saman 10, kom aldri til lands.

Ein stor del av håbrannflåten hadde gått nordover til Tampen om tysdagen. Kutteren ”Fauskanger” - frå Ådlandsvik, nord på Askøy – låg ein 120 kvartmil vest av Fedje med liner. Ei kvartmil av frå dei låg ”Johannes Eide”.

Torsdag formiddag (1. mars) mottok ”Fauskanger” varsel over radioen frå land om at eit uver frå sør var under vegs. Dei hadde drege lina tidlegare, men sett ut att endå ein gong: ”Så høie som prisene på håbranden er nu, 65 øre kiloen, frister man gjerne i lengste laget før man gir opp”.

Siste som såg ”Johannes Eide”
Stormen auka jamt og tungt, dei drog derfor inn bruket, skalka lukene og prøvde å gå inn. ”Johannes Eide” hadde linene ute enno, ”men måtte enten hale inn eller gi fra seg. Å ligge der ute lenger var ugjørlig”.

Folka på ”Fauskanger” var dei siste som såg ”Johannes Eide”. Dei fortel om ferda innover mot land: ”Vi gikk en stund med kurs for Feie, men måtte dreie på og ri den orkanaktive storm av”. Dei prøvde støtte opp med minste seglet, men sjølv heilt nedreva mesan toltes ikkje til tider. Særleg vart natta til fredag tung og lang å arbeide seg gjennom. Vona var at veret skulle betre seg fredagen på morgonstunda, men vind og sjø stod på like stridt. Så langvarig hardt hadde dei sjeldan hatt uveret over seg der ute. Først fredag kveld kunne dei så smått ta på å slå seg inn mot kysten, og laurdag kom dei endeleg inn til Ytterøyane, nord ved Kinn. Dei gjekk då straks heim for å ”varsku at vi var i live”. Laurdagskvelden var dei av og leverte fangsten, på 1000 kilo. Det er nok då dei er intervjua av Bergens Tidende (prenta tysdag 6. mars).

Dei fortel vidare at dei no må nett heimom og ruste seg ut att noko for så å dra vestover att ”og prøve lykken”. Me får og høyre at kutteren ”Fauskanger” var ein av dei mest solide og velutstyrte ”av de små motorskøiter” som dreiv håbrannfiske, og at ”Nordlys” og ”Johannes Eide” ikkje var ”på langt nær så motstandsdyktige i uver”. Arne Haugland - f. 1932, miste ein onkel med ”J. E” -, kjende til kutteren ”Fauskanger” og opplyser at båten likevel berre var kring 55 fot.

Nære på for fleire
Bergens Tidende følgjer hendingane dag for dag, med første innlegget måndag den 5. mars. Der informerer avisa om uveret og nemner fleire båtar som kan vere blant dei sakna. Likevel er det å vone at dei kan ha nådd land, inn i ei uthamn t.d., der det ikkje er telefonsamband så dei kan varsle.

Det er meir som eit under korleis fleire av båtane har greidd seg. Ein kom seg inn til Fosnavågen, sterkt havarert. Under stormen ”var rorhuset tatt overbord”, mannskapet hadde berga seg i lugaren til veret løya laurdagen. Ein annan fekk ein svær brotsjø innover dekket, brotet knekte begge mastene. Dekket vart sjølvsagt reinspylt for alt laust utstyr. ”Båten mistet også meget av sitt håbrandsbruk som hadde en verdi til flere hundre kroner”. Først laurdags kvelden kom dei seg inn til Ona (sør for Hustadvika), før dei sette kursen på sør.

Tysdag 6. mars gjekk kvalbåten ”Veslefrik” til havs på eit tre dagars leitetokt. Båten, med eit mannskap på 10, hadde radiosendar og kunne dermed melde omgåande til Bergen Radio dersom dei fann noko. Skipperen opplyste at dei ville gå ut frå Skarvøy og ein 50 mil vest. Lengre ut rekna han ikkje med å finne noko. Nordover ville dei søke til dei var på høgd med Stad. Kapteinen såg det som utelukka at dei kunne finne overlevande, derimot kunne dei slumpe til å treffe borti vrakgods, noko som kanskje kunne forklare meir om ulukka. [les meir]

 

Denne staselege kutteren høyrde til på Kolgrov. Eigar var Oskar og Petrine Eide.

Merkeregisteret for 1930 opplyser: SF – 173 – SU, lengd 54,3 fot, breidd 16 fot. Byggeår 1924. Motor 36 HK Avanse. Båten står registrert på Petrine Eide (kona til Oskar). -

  Me ser at båten har eit lite tilbygg framfor styrehuset, det var byssa (Leif Eide). Vidare har båten kahyttkappe i bakkant av ruffen.”Johannes Eide”, som forliste under håbrannfisket i Nordsjøen 1934 var utleigd til Askøy, heile mannskapet kom vekk. -

Vrakgods frå båten skulle seinare vere funne på Mørekysten og stadfesta slik at båten hadde forlist.

Leif Eide var med kutteren på fleire turar, like fram til båten forliste. (Leif var sonen til Oskar. Seinare handelsmann på Kolgrov)

Kutteren fekk truleg namnet til minne om ein bror for Oskar, Johannes, som kom vekk på sjøen i 1912 .

Oskar var bestefar til Oddgeir Eide. Om båten var tinga ny eller kjøpt inn brukt, har ikkje Oddgeir høyrt folk nemne noko om. 

Oddgeir eig ei lineskive som var brukt på ”Johannes Eide” under linefisket på Finnmarkskysten. (Opplysningar frå Gunnfrid og Oddgeir Eide)

Vinteren 1927/28 var "Johannes Eide lossement under landnotfisket ved Utvær ((Peder Ørnehaug).

Margit Hjønnevåg eig prospektkortet som Gunnfrid Eide har sendt oss ein kopi av. Kortet er sendt frå Tromsø, med "Johannes Eide" i framgrunnen.