Denne holmen ligg i Hagefjorden, nordaust for Vauleneset, og er mindre kupert enn holmane elles i same området. Det let seg òg gjere å dyrke litt jord der. På ei vakkert platå mot aust vart så huset bygd. Rett nedanfor var ei lang-grunn sandstrand. Sør for den hadde Jørgen sjøbu og lun hamn til færingen sin.
Færingen var sjølve livsnerven deira, anten det var til fiske, til handelsmann eller å frakte borna til skule. Dei rodde til Hersvik for å handle, men kom det frost rett etter kraftig regnvêr, fraus ofte Hagefjorden så langt nord som til Kvernhusneset. Då var det ikkje anna å gjere enn å vente til fjordisen bar. Dei sette så færingen oppå isen, og med eit godt tak i kvar si ripe tok dei seg framover. Ofte gjekk dei til fastlandet på austsida, der dei så måtte gå til og frå Hersvik gjennom utmark. Det var ein dryg tur. Men dei tok òg slike turar til Vauleneset, over eit islagd, men straumsterkt sund. Hjå oss stod vi meir enn ein gong med hjarta i halsen og heldt auge med dei, og håpa inderleg at isen ville halde.
Sjølv kunne vi òg nytte landevegen til handelsmannen på Eide, og når isen låg, kjøpte vi alltid litt ekstra av matvarer vi visste at dei ville trenge, slik at dei kunne hente her når det høvde for dei.
Kunne det meste
Jørgen dreiv fiske i det små, men han var svært hendig med vøling av garn og anna fiskereiskap. Og i ei tid med rikt kystfiske var det mange som gjorde seg nytte av Jørgen sitt dugande handverk.
Maria var av det slaget som kunne det meste, og ho sa aldri nei når ho vart tilspurd. Ho var flink å karde og spinne. Mange leverte papirsekker med ull til henne for så å kunne hente att hesper med det finaste strikkegarn.
Men framfor alt var ho ei dugande bakstekone. Det var mykje god mat i godt flatbrød, og Maria sitt flatbrød var ein gastronomisk nytelse. For ikkje å gløyme Sule-klingen hennar ! Ho var ei etterspurd dame til slikt arbeid, og det var alltid stas når ho kom for å bake. Då hadde ho alltid med ein pappkoffert. Den var lysebrun, spettete med mørkebrune beslag på hjørna. Oppi hadde ho bakstekleda, krit-kvitt kjoleforkle og skaut, ikkje eit hårstrå stakk fram. Ho hadde også med sin eigen bakstefløy, anna dugde ikkje.
Strevsame dagar
Nokre kroner vart det vel på småjobbar, men elles vart det for dei som for dei fleste, at den eine tenesta var den andre verdt. Eller ”ei beine” som det heitte seg. Ein lyt rekne med at dei med tre born hadde det strevsamt på den vesle holmen.
Om våren tinga dei seg eit lam hjå dei som hadde sauer, og når det kunne skiljast frå mora henta vart det henta. Så gjekk det og godgjorde seg i Gildreholmen til seinhausten kom. Då var lammedagane talde. Litt kjøt og ull kom vel med i hushaldet.
Brendsel var det verre med for ingen hadde tre å felle på den tida. Jørgen sanka rekved som vart lagd på berget for at regn skulle vaske ut mesteparten av saltet. Etterpå vart den tørka og nytta som ved. I tillegg fekk dei kvar haust nokre sekker med torv hjå oss. Jørgen vølte gjerne eit trollgarn som ei beine attende.
På besøk
Når vi drog til Gildreholmen på besøk, la vi båten på sørsida. Det å kome over kleiva mot huset til Maria og Jørgen ein solfylt, varm ettermiddag var reine stasen. Kjøkenglaset stod ope og ei god lukt av nykokt kaffi blanda seg med den gode angen av syrin og andre blomar som voks langs husveggen. [les meir]
.