FRAMSIDE BØKER SOLUNDARKIVET KLYPP FRÅ LOKALSOGA LINKAR KART KONTAKT & INFO
Flystyrten ved Drengeneset
Av Hans H. Steinsund

Ikkje så mange i dag veit at det under siste verdskrigen gjekk eit tysk fly til botnar rett nord for Drengeneset. Den som best kan fortelje om dette, er ein som sjølv var med og berga flymannskapet, Georg Stølsvik, den gongen kring eit par og tjue år.

Folka i Kråkesundet hadde høyrt at det føregjekk ein skytebatalje nord for Ospa. Brått kom eit fly skeivlande på sør i retning Tverangspollen, medan det stadig miste høgde. Det var nokså opplagt at flyet måtte vere skada nokoleis, og at det ville hamne i havet. Slik gjekk det då også.

Presis kva år dette hende, kan ikkje Georg nett seie, men tyskarane hadde iallfall bygt så mykje ferdig på Hugøyknolten at dei budde der oppe. Dermed får me eit vink om at det var noko ute i krigen. Georg minnest at det var meir på sommarsbelet, ein fin, vindstill dag med varme i veret.

Ingvald Hugøy, som budde i Nilsvika, tok robåten og rodde ut. Flyet flaut endå på sjøen då han nærma seg, og somme av mannskapet hadde kara seg opp på flykroppen.Eit par hadde sumt seg inn til klubben nordapå Drengeneset. No var ikkje dette noko vanleg jagarfly,men derimot eit postfly. Då Ingvald kom bort til flyvraket, hengde nokre seg på båtripa hans til han fekk dra dei om bord. Han tok vel innpå ein 3-4 av dei, i robåten.

Georg Stølsvik skunda seg å fyre opp sabben og køyrde ut, han og. Bak seg, på Hugøy-sida, såg han tyskarane komme springande ned frå vaktstasjonen og vinka at dei ville vere med. Men han var kommen såpass langt ut at han brydde seg ikkje med å snu. Flyet sokk rett før han nådde fram, og han gjekk i gang med å ta opp karar som sumde mot båten hans.

Til saman kunne det vere ein 3-4 personar. Ein var omkommen, også denne tok dei innpå sabben. Tyskarane prøvde med opplivingsforsøk, men Georg meiner dei kanskje ikkje var trena nok med dette. Dei to båtane førte folka inn til sjøbua i Stølsvika der Georg budde.

Flymannskapet hadde vore heldige trass alt, berre ein av dei hadde omkomme, dei andre var i fin form, ikkje alle var våte på kleda eingong. Mannskapa frå vaktstasjon og fly snakka med kvarandre. Folka sat i berget og tørka papir og våte klede. Den døde la dei inn i bua.


Same kvelden kom ein snellbåt og tok med heile flymannskapet til Bergen. Georg vil ikkje vere med på at hendinga verka særleg inn på han som ungdom. Det ville nok ha stilt seg annleis om det var eit norsk fly, eller eit engelsk, meiner han. Det vart aldri sokna nokoleis etter flyet. Der det gjekk til botnen, er djupt, over 200 famnar, seier Georg.

Det var eigentleg Gjert Kråkenes, f. 1933, som tipsa om at Georg kunne fortelje dette. Gjert hugsa godt at han sjølv slumpa til å sjå ein radiosendar med motor stå i Rishola. Plassen ligg mellom Holene (synst på vestsida av Kråkeneslandet). Han minnest også at det under ”Ferndale”-åtaket i Krakhellesundet kom eit fly på nord og sleppte to flottørar rett inn for Hueneståna. Gjert rodde bort, men var glad til han kom seg vekk då tyskarane skaut etter han frå Hugøyknolten. Han kan og fortelje at då dei heime i samband med florsbygging skaut med dynamitt, troppa tyskarane omgåande opp i full uniform og forbaud all vidare sprenging. Slikt skulle søkjast om!
Her ved bua i Stølsvika var det dei tok på land mannskapet frå det havarerte flyet.Med motorbåten Geord brukte, var nok ein annan enn denne. Den du ser her, er "Olaf", båten til Ola Stølsvik.
Utlånt av Hildur Stølsvik