På rim

Av Magne Hamre

Ei av hovudoppgåvene til sogelaget er å samle og ta vare på. At fleire har slike interesser og sender "stoff" er me glade for. Me arkiverer for eventuelt  å kunne nytte det i artiklar eller som deler i større samanhengar. Stort sett let me vere å dømme kvaliteten på stoffet. Dette meinar me er lesarane si oppgåve. For nokre kan eit dikt eller ei historie berre vere "tant og tøv". Andre kjem med takk for at slikt stoff får plass mellom permane.
Frå Vidar Underseth fekk me for ei tid sidan tilsendt songar og dikt som er knytte til hendingar i kommunen, to om samferdsle. Eit vart opplese på ei tilstelling på Solundheimen (då Solund gamle- og kvileheim) før jul i 1974. Konstanse Strømmen, som då var formann i Solund fiskarkvinnelag, er forfattaren og las sjølv diktet.
Det første er frå 1957 og er skrive av presten Jens Sverre Tennfjord (1907 - 1993), og handlar om mudring av innløpet til Hardbakke. Arbeidet var ferdig 17. juni 1957. Tennfjord var prest i Solund  frå 1947 til 1958.

Frå mudringa av austre innløpet til Hardbakke hamn. (Innløpet ligg th for biletet)
På holmen var smie, maskiner, krane m/bom og tank. Det var Statens Havnevesen  som åtte denne brakka tett ved innløpet.
I bakgrunnen Hardbakke. Ytst ved kaien ligg skøyta Flid frå Kalgraff. Sundet me ser, vart også mudra, men det var før siste verdskrigen.
Foto: Bjarne Steinsund.

Song
I Sula der er so mange sund, men lell var der eitt for lite.
I Hardbakke-holet tok "Værøy" grunn, der var ikkje sjø nok for slike.
Her trongst det dykker og dynamitt, men snakket vart nok' slikt er profitt.

Me sat her og sturde når myrkt det var, og fekk korkje post eller varer på land her,
og difor  til Steinsund det bar med kvinnfolk og beist og karar.
So ofte det kjendest båd' surt og kaldt for den som sku slite og bale med alt.

Men kor skulde holet bli djupt og stort, eg meiner kven skulde betale ?
Og kor skulde me her få dette gjort, og endå bli sett på reale ?
Kommuneløyve trongst og so frå stat. Kort sagt to store på det eine fat.

Ein dag fekk me gjesting av stortingsnemnd, me gjorde vore hoser grøne.
Og blide dei fór både mett og  klemd, dei lova dei vilde oss løne.
For kvart eit tusen, dei skaut til ti, no skulde det bli, berre tru og bi.

Kor vilde vel heradet ta den klem ? Jau, Takle, han løyste vasen.
Ein morgon dei geispa om lag klokka fem, han løyste so fint heile stasen.
Dei alle skreiv under etter tur. Men angra sidan. Han var for lur.

Ja, so segjer segni. Om det er sant, på det kan eg ikkje svara.
Men no rulla pengane kontant. No kunde dei ta til å bora.
Frå staten kom her ein invasjon. For fjellholet vart det det reine tjon.

Han Flote, han Foldal og kompani, dei bora dei ladda og sprengde.
So sjøsøyla toppa seg meter ti, og småsilda drap dei og dengde.
Dei lagde fjellbotnen reint for hat, med kjerringar serverte sild på fat.

Sjå no smiler holet ein sumardag. No må du eit namn det gjeva.
Og Hardbakke sit her i festleg lag, isaman med dei som har streva.
So takk då karar, og kokke med, for de var gilde og kom hit ned !

Og snart seiler "Fylket" i holet inn, og folket frå Sula sig etter.
På "Sabbar" og skøyter dei vegen finn. So glade og nøgde dei smetter.
For Hardbakke-holet eit høgt hurra! For dei som sprengde, hurra! hurra!
                                                                                                                                                              Jens Sverre Tennfjord

neste side.
FRAMSIDA   BØKER    SOLUNDARKIVET     KLYPP FRÅ LOKALSOGA    LINKAR   KART   KONTAKT & INFO