Laksehytta på Storsundet
Av Hans H. Steinsund
Der var i første halvdel av 1930-talet at Laksehytta vart oppsett. Dei tre brukarane bygde nok opp huset sjølve, og det er ikkje kjent i dag kvar dei fekk materialane frå. Hytta var utstyrt slik at 4 mann kunne bu der gjennom veka. Mat hadde dei med. Fisk var det rikeleg av i nøtene. På omnen kokte og varma dei det dei hadde bruk for. I dei 4 sengebriskane er innskorne namn på lakserøktarar.
Det hadde stått ei laksehytte på same plassen før også, den var oppsett av "Storestraumen" (Jens Andreas Strømmen f. 1858) då han fiska ved Novene. Han kjøpte seinare øya Hovden og flytta dit med familien kring 1915).
Det var den lange sjøvegen frå Nordre Hjønnevåg til lakseverpa ved Novene som var hovudgrunnen til at hjønnevågarane sette opp Laksehytta. Ved å liggje over der om natta, ja kanskje bu der heile veka, sparte dei seg for uendeleg mykje roing.
Men hytta gav andre fordelar også. Frå tid til anna førekom det at uvedkommande "hjelpte til" med å røkte nøtene deira, eller jamvel opne dei med helgene. Det var såpass lang veg frå Hjønnevågen til Storenova at folk som såg seg mon i å turke ei not, kunne arbeide heller usjenert. Etter at hytta kom opp, vart det betre kontroll med dette.
Eit anna var at når det var laks føre, kunne dei gjennom døgnet sjå om nøtene så ofte dei hadde bruk for, all den tid dei no hadde så kort utror.
Ved Novene var 6 lakseverpe som høyrde til 3 gardar i Nordre Hjønnevåg, men det var 5 av desse verpa dei brukte til vanleg. Dei fiska med 1 not på kvart verpe.
Frå Nordre Hjønnevåg og fram til lakseverpa måtte karane tampe seg fram i nær 2,5 mil (nautisk) i svært vind- og vêrutsett område, verst i nordavind der straumskavl tek seg kvast opp og storhavet står rett på. Ofte var det forhold til å ro gjennom ein grunn straum inn til Dammen, og så komme i ly derfrå nordover til Laksehytta. Men dette gjekk ikkje på stor fjære då dei ikkje flaut gjennom to straumar dei måtte passere.
Dei fiska i arbeidslag på 2 x 2. Dvs. dei var alltid to i båten. Var det dårleg vêr, stilte alle fire. Som laksenotbåt under røkting av nøtene brukte dei vanlegvis ein seksring, men når nøtene skulle opp for blåsteinbarking, tok dei snarare slagkeipingen (4-roing). I førstninga sette dei ilane også frå slagkeiping, ein ile om gongen.
Dei 2 på laget budde i laksehytta oftast heile veka, frå dei opna nøtene måndag kl. 18.00 til dei stengde fredag 18.00. (Om helgene var det vel oftast folketomt …)
I slakkare periodar drog dei gjerne heim om dagane. Då la dei ofte båten oppe ved Teineneset (Dammen) og gjekk derfrå til Norevågen. Det tok eit kvarters tid, godt og vel.
Laksehentarar kom kvar dag og henta fisken. Ein gong hadde dei fått så mykje at motorbåten som henta, ikkje fekk plass til all fisken, endå han hadde laks i lugaren og over heile båten.
Med tanke på tilsig av laks, var nordavind ei heller ideell vindretning ved Novene, det vil seie om han ikkje vart for langvarig. Dei rekna vanleg at nordavinden stod på i 5 veker. Varte han i 7 veker, vart straumen meir ustyrleg og fisket derfor labert.
Her ser vi den knøttsmå laksehytta på Storsundet, eingong oppsett som nattely for lakserøktarane frå Hjønnevåg. Under krigen stasjonerte her fleire gonger rømlingar som vart ventande til eit farty kunne ta dei med vestover. Karane er motstandsfolk på kjend grunn: Lensmann Johannes Mathiesen t. v. Nils Knagenhjelm og Johan L. Hjønnevåg. Solundarkivet/Magne Hamre.