Redningsskøyteskipperen Georg Nessen
Med løyve frå redaktøren i bladet Redningsskøyta har me fått lov å bruke to tekstar som er skrivne (1/2003) om Georg Nessen. Begge desse er det Annbjørg Hauge Nygård som har ført i pennen. Eit par plassar har me korta litt ned (hhs).
Georg Nessen var fødd i Nesefjord i Solund 20. januar 1899. Han voks opp i ein søskenflokk på 13 og måtte tidleg ut i arbeid. Det var sjøen som drog, og alt i 14-årsalderen mønstra han på ei seglskute. Der var han eit par år, til han fekk seg hyre om bord i ein fraktebåt som frakta bensin frå Amerika til Europa under den første verdskrigen. Det skulle vise seg å bli langt meir dramatisk enn han på førehand hadde tenkt seg. På ein av turane (truleg i 1917) vart båten torpedert og eit mannskap på 34 vart offer for eit inferno av flammar då bensinlasta tok fyr. Berre to mann overlevde, og Georg Nessen var ein av dei. Han og kameraten Stenberg frå Drammen hamna tilfeldigvis i eit bensinfritt felt midt ute på det opne havet, medan det brann overalt rundt dei. - Den einaste skaden han fekk var eit brannsår på venstre skulder, og det hadde han resten av livet, fortel dottera hans, Ragnhild Nessen Baug, busett i Florø.
Etter denne fæle hendinga kom han seg tilbake til Amerika, og etter krigen fekk han seg jobb på ein sukkerplantasje. Der vart han verande i tre år, og det var ingen heime som visste at han var i live. Familien hadde lagt planar om minnegudsteneste, men før dei kom så langt, hadde mor hans teke kontakt med Frelsesarmeen, og dei greidde oppspore han i Amerika, og fekk han heim att til gamlelandet. Han reiste også seinare i utanriksfart og tok utdanning som styrmann. I 1924 vart Georg Nessen tilsett i Redningsselskapet, ein arbeidsdag som skulle vare i 33 år. Der gjekk han gradene, han begynte som matros på redningsskøyta RS "Bergen Kreds", og i september 1939 vart han skipper på eiga skøyte, RS "Arne Fahlstrøm". Under andre verdskrigen førte han RS "Johan Bruusgaard", som mellom mange farefulle oppdrag frakta 16 mann trygt frå Bremanger og over til Shetland i mars 1945.
Georg Nessen var ein dyktig sjømann, og høgt akta skipper i Redningsselskapet, som alltid stod til teneste når det vart sendt bod etter redningsskøyta. I 1951 fekk han selskapet si medalje for dugande innsats på redningsskøytene. Etter den farefulle overfarten til Shetland med RS "Bruusgaard" i 1945, skal ein av passasjerane, i følgje eit brev på Redningsselskapets Museum, ha sagt at om det ikkje var for kaptein Nessen og den gode båten hans, hadde dei aldri overlevd turen. Det skulle i seg sjølv vere ein god attest. Georg Nessen tenestegjorde på til saman tolv av Redningsselskapet sine skøyter, den siste var RS 48 "Gustav B. Bull".
I 1928 gifta Georg Nessen seg med Kalvåg-jenta Nanna Andersen. Dei bygde seg nytt hus midt i Kalvåg sentrum, der dottera Ragnhild fekk vekse opp i trygge omgjevnader.
Georg Nessen mønstra av i 1957 då synet svikta, etter 33 år om bord i redningsskøytene. Han døydde 22. desember 1966, nær 68 år gamal.