FRAMSIDA   BØKER    SOLUNDARKIVET     KLYPP FRÅ LOKALSOGA    LINKAR   KART   KONTAKT & INFO
Tre slitarar i Saltskår-flåten
Av Hans H. Steinsund

Inst i Saltskårvågen ligg tre gamle fartøy, alle tre særs viktige brikker i utviklinga fram til større og meir moderne fiskefartøy for Saltskår-folket.

Om me går inn på Merkeregisteret for fiskefartøy og held dette saman med Merkeprotokollen der båtane vart innførde i (Statsarkivet Bergen), finn me data for båtane.

Nærast bua og notahengja ligg gavlen som hadde tre ulike namn. Han var registrert som "Sjømann", men gjekk seinare for "Sjømann S" i Saltskåren. Meir allment kjent var namnet "Antongavlen", men Anton sjølv, eigaren, brukte alltid "16-hesten" sidan dei også hadde ein gavl til.  I registeret har gavlen nummer SF 314 SU. "Sjømann S" var ein open, kravellbygd motorgavl, 39,3 fot lang med 16 hk Wickmann. Både båt og motor var nye i 1935. Som eigar står Anton L. Saltskår, m. fl. Buskøy. Anton fann det langt meir høveleg under notfiske at båten hadde open bunke bak, derfor blei det aldri lagt dekk i denne gavlen. Båten vart tidsmessig opprusta, godt utstyrt og stelt gjennom alle år og var ein særs nyttig slitar like til han blei kondemnert og senka.

I midten ligg skøyta "Helga". Data for denne: Dekka skøyte, SF 187 SU, lengd: 44 fot, 16 hk Hein, seinare 20 hk Wickmann. Byggeår båt 1916, motor frå 1916 og 1932. Registrert på Einar L. Saltskår m. fl. Saltskår.

Kortversjonen av historia til denne klinkbygde listerskøyta er at "Helga" blei innkjøpt ny til Ytrøy i 1916, ein av eigarane var Johannes Ørnehaug. Då hadde ho 16 hk Hein. Dei som åtte,  kan vel ha konferert med eit anna partsreiarlag i Ytrøy, desse kjøpte nemleg skøyta "Mågen" same året. Nokså like fartøy og lik motor.
Men "Helga" hadde dei berre ei kort tid i Ytrøy før ho vart seld til Sætevika i Hyllestad. Då  merkeregisteret for fiskefartøy kom i bruk 1920, var ho registert der i kommunen med nummer SF 1 H. Som eigar står partred. Herm. Sætevik, Lifjorden. 
Til Solund er ho innmeld til registrerting i desember 1927. Eigarar er brørne Einar og Anton Saltskår. "Helga" vart brukt til lossement, men gjekk vår, sommar og haust også med dekkssnurpe etter musse og brisling.  Skøyta vart til sist lagd fram i ei fjære i Saltskårvågen. Ho blei utmeld av Fiskeriregisteret mai 1955, og kvar einaste bit er forlengst gått attende til naturen.

Til høgre i biletet ligg så SF 252 SU, den opne motorgavlen, kravellbygde  "Sjøgutt".
Lengd: 33 fot. 12 hk Wickmann. Bygd i Herand 1930. Motor 1931. Registrert på Einar L. Saltskår, Buskøy. Av di Rubben i denne var på 12 hk og i den andre gavlen 16 hk, var det sjølvsagt praktisk i daglegtalen med namna "12-hesten" og "16-hesten".
Denne gavlen var nok nyinnkjøpt til Saltskår. I 1956 vart båten overteken av Chester Saltskår i Staveneset. Chester var oppvaksen i Saltskår og arbeidde framleis saman med onklane sine der. Men på Stavfjorden eigna det seg ikkje med landnot, seier Olaf Saltskår, sonen til Chester. Det vart etter kvart mindre å hente frå notfisket, og Chester la dekk i båten så dei sparde seg for noko pumping. "Sjøgutt vart seld og hamna 1972 i indre Sogn. Med heimehamn på Ornes har gavlen i alle år sidan gått ulike ærend og skyssar på Lustrafjorden, og det skal han gjere framleis.  Gavlen fekk ny dieselmotor straks han vart indresogning, og seinare bygde dei han opp ein plank, la nytt heildekk i han og sette på nytt styrehus.  Eigaren er bonde og nyttar båten til meir praktiske tenester. Det 80 år gamle skroget har ikkje tenkt å ta kvelden på lenge enno.

Desse tre båtane representerte to brislingbruk. Einar og Anton åtte både båtane, nøtene og to snurpebruk saman, men dreiv kvar for seg. Einar brukte "Helga" og "12-hesten", Anton "16-hesten" og ei skøyte han leigde til å ha dekkssnurpa på.   

Dei to andre saltskårbrørne, Lyder og David, fekk tidleg sine eigne notbruk.  Far deira, Lars Saltskår (1861 - 1932), vart med tida kalla Gamlesaltskåren og var kjend langs heile vestlandskysten som ein uvanleg dyktig notbas. Si lengste tid hadde han drive notfiske med seglfartøy og ro-notbåtar. Men gamle Lars rakk også inn i motoralderen. Han åtte saman med andre ei lossementskøyte som fekk motor.  Alf Steinsøy skriv at Lars kjøpte både motorgavl  og det siste notbruket i 1930. Gavlen var nok den me ser til høgre på biletet. Gamlesaltskåren, med si intense drift, fekk dermed også sjå inn i den revolusjonerande utviklinga båtmotorane la grunnlag for. 

Det må vere atskillige mengder sild og brisling desse tre fartøya har kava til lands fram gjennom åra, samtidig som mannskap frå nærområda fekk praktisk fiskeriskulering og kjærkommen inntekt. Det er neppe noka overdriving å hevde at desse tre fartøya utgjorde ei av beresøylene under fiskerisamfunnet i Saltskår.

Kva tid kan så fotoet vere teke? Her får me litt hjelp av detaljar i sjølve biletet. Det vide eksosrøyret, som dei i utgangspunktet kunne ta bort så det ikkje kom i vegen når dei brukte  seglbommen,  høyrer nok Hein-maskina til. Den vart skifta ut i 1932. Lars meiner at fartøyet samtidig fekk nytt styrehus. Gavlen "Sjøgutt" som var nybygd i 1930, fekk innsett maskina året etter. Biletet kan då vere frå 1931/32.

Jan Hagen, med sitt solide ankerfeste i fiskerihistoria vår, tok initiativet til at biletet kom oss i hende og har bidrege med opplysningar. Lars Saltskår (f. 1936) står som velvillig utlånar.


Utlånt av Lars Saltskår.