|
Handelshuset i Indrøy, med krambu og leilegheit. Framfor ligg kutteren ”Stål 1”. T.h. nothengja og naustet. Mellom handelshus og sjøbu utrullingsplass for sildetønner. Oppe i haugen bustadhuset, sør i vika eit eldhus, t.h. for sjøbua ein liten fjøs med plass til 2 kyr og nokre sauer. Nedst i biletkanten skimtar me gangbrua bort til Andholmen der ekspedisjonskaia er bygd. Solundarkivet/Lina Berentsen.
|
|
|
Indrøy handelsstad
Av Hans H. Steinsund
Godt synleg på vestsida av skipsleia Ytre Steinsund ligg handelsstaden Indrøy (lokal uttale: Indrøyna) og fortel om gründeren som i samspel med bygdefolket forstod å byggje fram ei allsidig næringsdrift i hovudsak basert på den tids rike ressursgrunnlag i kystsamfunnet.
Det var i to små vågar mot nord og vest at fiskarfolket på Indrøy budde. Her kom også Knut Berentsen, (1867 – 1952), til verda. Som ung reiste han først til Bergen i snikkarlære, og i snikkarheimen fann han seg også kone, Hanna. I Bergen var det knapt om arbeid. Faren leigde då ein kutter og henta sonen og familien heim. Han lånte sonen 300 kroner som dei kjøpte varer for med heim, og dermed etablerte Knut seg som handelsmann i eit kammers til sides med stova, som dei budde i.
Varene måtte dei frakte i robåt like frå Tangenes, også svære sirupsfat på 300 kilo, og 100-kilos mjølsekker.
Den særs driftige Knut begynte å kjøpe hummar, laks, snart alle fiskeslag, først for sal i Bergen, men sidan eksporterte han sjølv til utlandet. Verksemda kravde meir plass og vart etter kvart flytta til innsida av øya. I slutten av 1890-åra kjøpte han heim ei sjøbu frå Tyskebrygga i Bergen. No vart her krambu nede, leilegheit oppe, og endå til bra plass for varer og fiskereiskap.
Knut kjøpte alt han kunne av tareoske, lever og agnskjel, brende levra og lagra tranen på store fat. Etterkvart fekk han planert større lagringsplass ute, med støypt plate. Her salta dei vintersild. I front mura dei kai.
Allsidig drift kravde nye bygningar: tranbu, oskebu, ishus, sjøhus, nothengje. Knut kosta landnotbruk for vintersilda og kjøpte fleire fiskefarty. Mest kjende er 58 fot lange ”Stål 1”, ei natt i 1941 ”teken” av norske som rømde til Shetland, og den nyare, noko større ”Andholm”. Fartya, som fangsta og fiska frå Hebridane til Barentshavet, vart drivne av dei neste slektsledda og av leigeskiprar.
Etter seig kamp greidde Knut å få Fylkesbaatane til stogga ved Indrøy eit par gonger for veka. Han hadde vidare avtale med eit Møre-reiarlag om å stogge på signal for å ta med varer som skulle vidare med båt til England. Ny ekspedisjonskai kom i 1930. No kunne både ”Gula” og større fraktefarty gå inntil. Litt opp for handelshuset hadde nytt bustadhus komme til.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Nye kommunikasjonar i 1950/60 åra vart ein styrke for dei fleste grendene, men til det sterkt sundrivne øyriket kring Indrøy kom ingen veg. Samtidig avtok naturgrunnlaget i havet. Folk såg etter sikrare inntekt, fråflyttinga tok fart. Naturgrunnlaget og kundekrinsen for drifta i Indrøy var ikkje lenger tilstades. I dag er Indrøy handelsstad ferieplass.
Indrøy handelsstad. Folketal (Heile Indrøy)
1900: 32 - 1950: 30 - 2005: 4.
Privat feriebustad.
Forminne: 3 mindre gravrøyser registrert.
Meir om Indrøy: Heftet "På tun og tofte",
Solund sogeskrift 2001, 2002.
|