Ein del av menytekstane oppe på dei gamle sidene er ute av drift.
Har nokon stoff som vi kan bruke så kom med det, kanskje brukar vi det her eller i eit sogeskrift.
Helsing webansvarleg Finn J Hugøy
Arkivet (sjå også under sida til Krambua, Indrøy og Lokalsoga)
Siste oppdatering:05.02.2012
Nytt frå Solundarkivet
Gutane på Nautøy var ikkje gamle før dei tok med seg småsyskena i båten. Her frå Kvalvika. Me ser huset til Anna og Johannes Kvalvik t. h., så bua til Anna og Arnt Herland, så Slettebua (borte i 1970-åra).
I båten t. v.: Solbjørg Kvalvik (kvit kjole), Magda Kvalvik, Leif Notøy, Bjørn Kvalvik.
I båten t. h.: Steinar Kverhellen (fremst), Gunnar Kverhellen, Jon Kvalvik.
Foto: Solundarkivet/Åsa Oltedal Kvalvik
Solundkalenderen 2012 er no komen i handelen. Den kan i første omgang kjøpast på Kommunehuset på Hardbakke og kostar 100 kroner. I år som tidlegare år har Hans H. Steinsund snikra saman fyldige og treffande tekstar til dei 25 bileta som prydar kalenderen. Fargebiletet på framsida er frå Dalesund og biletteksten peikar på dei trivelege borna og ungdommane som er fotograferte nedfor bustadhuset i Rånøyne. "I bakgrunnen tronar Daløybrua, nybygd og vakker."
I juli 2009 overleverte Thomas Andreas Færøy (92 år) eigenhendig til Solund sogelag ein konvolutt me trudde var meir av spennande stoff til sogeskriftet. Så viste det seg å vere ei gåve i konvolutten med heile 10 tusen kroner!
Takk til alle som gir oss gåve.
Sjølv om me er klar over at folk set stor pris på arbeidet me gjer, kjem det stunder då det er lett å misse perspektivet. Det er berre å innrømme at arbeidsmengda tiltek år for år, og at kreftene dessverre ikkje har den same utviklinga. Stundom kan det bli litt vrient å sjå over kanten av alt som må vere på plass til rett tid.
Det er då det gjer så umåteleg godt å få eit slikt energiløft som Trygve og Andreas her gjeve oss, totalt uventa, og så utruleg raust. Dei har sett og forstått verdien av det allsidige arbeidet som sogelaget utfører.
Skriftnemnda Solund sogelag
Store gåve til Sogelaget
I slutte av 2010 fekk sogelaget ei storfeldt gåve på heile kr 10.000 frå Trygve Hop.
Ein vil seie hjarteleg takk for denne gåva!
Den kjem vel med i sogelaget sitt vidtfemnande arbeide.