| FRAMSIDE | BØKER | SOLUNDARKIVET | KLYPP FRÅ LOKALSOGA | LINKAR | KART | KONTAKT & INFO | |||||||||||||||||||||||||
|
Femårsjubileum og kulturkveld
Av Finn J Hugøy |
|||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||
|
Mykje folk var samla då Solund sogelag markerte sine første fem år 12. mai. Ein kulturkveld, der avslutning av eit grindanaustprosjekt vart høgdepunktet, var ramma for dagen. Roar Mo og elevane ved Ytre Solund skule hadde ei stilfull gjennomgåing av prosjektet frå start til mål.
I kåseriform tok Steinar Jørs frå Eivindvik føre seg stadnamn ved kysten og bakgrunnen for desse. |
|||||||||||||||||||||||||||||||
|
Roar Moe og elevane ved Ytre Solund skule gjennomførte ei stilfull avslutning på grindanaust-prosjektet.
Foto: Magne Hamre
|
|||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||||||||||||||||
|
Bilete er frå ca 1910, Straumen.
Det nye grindanaustet er sett opp på tufta til naustet nede til høgre i bilete. Bilet er utlånt av: Asbjørn Strømmen |
|||||||||||||||||||||||||||||||
|
Elevar og Roar Moe fortalde om grindanaustet.
Foto: Magne Hamre |
|||||||||||||||||||||||||||||||
|
5 år med dugnad seint og tidleg.
Laget har hatt ei rivande utvikling gjennom desse åra. Det som tok til med utgjeving av Solund sogeskrift i 2001, har i 2006 fått eit langt større omfang enn nokon i laget kunne tenkje seg. Solund sogelag kjem i år ut med Solund sogeskrift 2006, som vert like fyldig som før og minst like bra. Til sumaren kjem også Solundkalenderen 2007 ut, som også har vist seg å verte eit svært godt motteke produkt. Ikkje nok med det, det kjem også ut eit nytt hefte ”På kjøl mellom kystperle i ….” Dette heftet fyljer postruta i Nord Solund og kjem i sal i samband med storsatsinga til sogelaget på Hersvik. Biletarkivet vårt er også under kontinuerlig arbeid med innsamling og registrering av gamle bilete, pr i dag ca 1700 bilete. Dette er no tilgjengeleg på eiga maskin ved Solund folkebibliotek . [les meir] |
|||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||||||||||||||||
|
Den gamle butikken på Indrøy er i svært bra stand og inneheld mange gamle "skattar". Foto: Finn J Hugøy
|
|||||||||||||||||||||||||||||||