FRAMSIDE BØKER SOLUNDARKIVET KLYPP FRÅ LOKALSOGA LINKAR KART KONTAKT & INFO
Historisk sus
Sogelaget har teke mål av seg å gi eit historisk tilbod til turistar og fastbuande med å opne to av dei gamle handelsstadane i Solund. Indrøy handelsstad og Hersvikbygda gamle landhandel. Sogelaget deltek også i "Taklebua" på Hardbakke, som vart opna i 2005.

Målsetjinga er å ta vare på desse stadane tilnærma slik dei var frå gamalt av og ha utstilling av gamle ting som var ein naturleg del av fiskarbonden sitt virke. Det vert også sal av lokale produkt, diverse aktivitetar og kaffikrok. Jonsok vert det opning på Hersvik og då kjem også det nye heftet ”På kjøl mellom kystperler i …” og Solundkalenderen 2007 i sal. Indrøy handelsstad vert sannsynlegvis ikkje tilgjengeleg før til neste vår, sumar.
Store oppgåve som krev stor innsats frå frivillige i laget.

Medlemstalet er no rundt 150 dette gjer at ein har mange gode deltakarar i laget, noko som er ein føresetnad for at dette skal gå.

Det er sagt at me menneske ikkje har noka framtid utan å kjenne vår fortid. Den viktigaste oppgåva for sogelaget er å ta vare på lokalhistoria vår og fortelje den vidare til komande slekter.
Mykje er gjort, men det kan ikkje verte noka sovepute. Det er uendeleg mykje meir som kan gjerast og mykje av det hastar.

Solund sogelag takkar Ytre Solund skule for samarbeidet med arrangementet.

På Hersvik er det fleire fine gamle butikkskilt. Foto: Finn J Hugøy