FRAMSIDA
Barndomsminne




Vintrefiske
Det første eg huskar om vintrefisket er at Husefjell, Henrikskøyta, Holmaskøyta (Viktoria) og ei skøyte som heitte Liv, me kalla "Lilla" drog av garde til Bulandet. Vanlegvis drog dei rett etter nyttår.
Frå Bulandet drog dei eit stykke til havs med drivgarn. Dei kunne halde på over ei veke med dette og det var hardt arbeid og lite søvn. Om natta låg dei i garnlenkja og då dei kom til lands var det å vente på lossetørn.

Krigsveteranen Åsmund Færøy (1916 -2001) frå Hersvik hadde etter krigen arbeidsdagen sin i Haugesund, som politimann. Han var levande oppteken av historia til kystfolket, og særleg etter at han pensjonerte seg, kom han til å skrive ned mangt frå heimetraktene, slikt han opplevde sjølv og soger han hadde høyrt fortalt.
I moloen på Hersvik ligg dei kjende fartya, Karmen, Juni og Husefjell. Foto: Sivert Sivertsen
Flaut på lukekarmen
Eig gong let silda vente på seg og Husefjell kom søratt og overnatta heime. Då slo fisket til og alle som var ute fekk full last. Husefjell og Alka konkurrerte ofte om å vere best., og då gjekk det på æra laust. Det heldt på å gå gale. Husefjell kom inn med 112 mål, nærmare 170 hektoliter. Ho flaut på lukekarmen, sa dei, og eg trur dei slepte eit garn med seg og.

Storfangst
Eg trur det var i 1928 at silda kom før dei venta og kom heilt inn på Hersviksundet. Mattevikkarane hadde då ein slupp som heitte Skum, dei sette garnlenkja i Tuenesosen der dei fekk søkklenkje og myste dei fleste garna sine.
Holmaskøyta sette landtog i Buskøylandet og fekk også søkklenkje. Dei låg i tre døgn og hadde last som dei leverte i Korrsundet. Garna berga dei og. Karane på Henriksskøyta og Husefjell henta ei landnot som Per, Jon, Nils og truleg fleire åtte saman. Silda stod tett sør for Salbusundet og dei let nota gå. Først vart da bomkast, nota var turr og hadde berre teglstein som søkkje. Dei kava nota til seg at, og dette kastet berga dei og stengde på Buskøylandet rett inn for Salbusundet. Det var storfangst mange stadar og det var smått med avtak.
Det vart til at dei håva silda om bord i skøytene og førde den til Bergen der alt gjekk til konsum. Dei fek førslepengar og betalt for lossing, slik at det vart pengar av det.

Lasta sildebåt på veg for levering av silda. Mottaksbåt ligg og ventar lengre borte.Silda var kasta på Ospekyllaren. Me ser notstenget med pentetau og kaggar. Foto: Hildur Stølsvik
Håving av sild
Eg var med Stina på Ryggen og ei av systrene til far, Drea. Me skulle nord å få hussild og det mangla det ikkje på. Det eg beit meg merke i var håvinga. Dei brukte ein sokalla Skafthåv med ca 3mtr langt skaft, ein ring av tre, truleg hattel, var festa til skafte. Ein notpåse, truleg ca 2 hektoliter var festa til treringen. Eg har sett slik håv i bruk men då frå mindre båtar. No hadde dei sett stroppar i treringen og nytta lossebommen og spelet med fotblokk i mastra, til å håve med. For å tømme håven hadde dei ein stropp i botten og hukka ein krok i stroppen når håven var nøgt nok over dekket. Dette gjekk utruleg fort, men krevde mykje folk i orkastet og på dekk.Det var til at Stina og Dria i kvar sin lugar,  steikte sild kokte supe og poteter. Me fekk så mykje sild me ville ha.

neste side.