FRAMSIDA   BØKER   SOLUNDARKIVET    KLYPP FRÅ LOKALSOGA   LINKAR   KART  KONTAKT & INFO
Bokslepp

Solund sogeskrift 2010 var sleppt i Straumen søndag. Dette er det 10. skriftet i sogelaget si historie.


Denne gongen vart det Solund bygdehus i Straumen som hyste boksleppet. Solundir kvinne- og familielag si julemesse var ramme rundt boksleppet. Eit fint pynta bygdehus med bord fulle av ”heimelaga” mat og ”juleting” tok mot bygdefolket.
Studie av den nye sogeboka.
Foto: Gunn Åmdal Mongstad.

Sjølve boksleppet var det Mimi Trovåg som utførte. Tidspunktet for boksleppet dette året var noko seinare enn vanleg. Berre tre kartongar var komne til Solund denne søndagen, så sogeskriftet vert ikkje lagt ut for sal før i slutten av veka. Utsending av bøkene til medlemar og andre vert også litt seinare enn vanleg, men håpet er at alle skal ha bøkene i hende før jul.

Innhaldet i Solund sogeskrift 2010 er  også i år  variert. Her kan ein mellom anna lese om arkivgranskaren Wilhelm Leknessund, ein vaskeekte utværing og tre slitarar i Saltskår-flåten. Selma Marie Færøy fortel frå barndommen på Losna, og ein får eit godt innblikk i korleis det var å vere pioner i oppdrettsnæringa.


Mimi Trovåg stod for boksleppet dette året.
Foto: Magne Hamre.

Magne Hamre.