Kulturkveld med bokslepp.
Av: Finn J Hugøy
Årets bokslepp for Solund sogeskrift 2011 gjekk føre seg på Solund Bryggje. Mykje folk møtte fram og det vart ein svært triveleg kveld med song, betasupe, kake og kaffi.
Solund har etter kvart fått mange nye innbyggjarar frå framande land. Dette har stor betyding for den vesle kommune. Vi prøver ta godt vare på dei nye innbyggjarane våre og innlemme dei i vårt samfunn så dei skal føle seg velkomne og trivast. Mange av desse er resurspersonar som vi absolutt treng.
Årets person som fekk den store æra av å opne den første bokkassen og "sleppe" Solund sogeskrift 2011 laus, avspegla dette.
Praten gjekk lett rundt borda og betasupa varma godt. Foto: Magne Hamre
Irina Tarasova kom til Solund i sumar og er tilsett som organist. Dei fleste har etter kvart stifta kjennskap med henne gjennom dei vakre tonane ho leikar fram på kyrkjeorgelet eller piano. Ho var også dirigent for koret "Havgap" denne kvelden.