| FRAMSIDE | BØKER | SOLUNDARKIVET | KLYPP FRÅ LOKALSOGA | LINKAR | KART | KONTAKT & INFO | ||||||||||||||
| Familiedag på Indrøy Tekst og foto: Magne Hamre Lågt skydekke og regnbyger la ikkje dempar på den tradisjonelle familiedagen på Indrøy Nær 90 frammøtte fekk oppleve ”liv og røre” på den gamle handelsstaden. Leiaren i Solund sogelag, Bjørn Magne Hansen, hadde ei kort orientering om staden før publikum fekk sjå seg om eller leske seg på godbitane i nothengja. Grunna dårleg vêr hadde Rune og Idar Indrøy rigga seg til med grill i nothengja. 18 kg kvalkjøt og 20 kg heimelaga potetsalat fekk bein å gå på. Litt grillribbe vart det og smakt på, men kvalkjøtet fall så godt i smak at dei tradisjonelle pølsene slapp unna grillenvarmen. |
||||||||||||||||||||
![]() |
||||||||||||||||||||
|
Butikken vart til serveringsstad denne dagen |
||||||||||||||||||||
![]() |
||||||||||||||||||||
![]() |
||||||||||||||||||||
|
Det vart heftige samtalar om gamle dagar i den gamle butikken.
|
||||||||||||||||||||
|
Som før var det Rune og Idar som sytte for den gode maten.
|
||||||||||||||||||||