FRAMSIDA   BØKER   SOLUNDARKIVET    KLYPP FRÅ LOKALSOGA   LINKAR   KART  KONTAKT & INFO
HELSING TIL HANS H. STEINSUND
VED TILDELING AV KONGENS FORTENESTEMEDALJE I SYLV
PÅ BYGDEKVELD GRENDAHUSET, HARDBAKKE
10. OKTOBER 2010
Kjære Hans!
Gratulerar med den store heidersbevisninga som du nå har fått!
På vegne av Solund sogelag vil eg gjerne seie nokre ord!
Du har vore med i sogelaget heilt frå den spede spira hausten 2000,
då tanken om eit sogelag kom opp.
Og sidan har du vore motoren når det gjeld sogeskriftet.
Både i å skrive sjølv, i å trekke fram det som andre har skreve og i å
samle trådane til kvart sogeskrift. Berre den som sjølv har prøvd på det,
forstår kor mange detaljar som då skal på plass.
Du har lagt ned timar meir enn ein kan telja i dette viktige arbeidet med å
dokumentere Solund si soge. Og så kjem det ei mengd med ting i tillegg.
Alt dette har vore med på å få fram og gjere sulingar
- både noverande og utflytta - stolte over si eigen soge.
Du har òg evna til vart og fint å skildre det som er krevjande å fortelje om.
Du har fått mange til å våge å fortelje si livssoge, og slik medverka til at
den er vorten teken vare på for ettertida. Og når du kjem til kongen,
kan du jo vite at kongen alt har alle sogeskrifta til sogelaget i sitt store
bibliotek. For ein utflytta suling, busett i Haugesund,
sender kvart år sogeskriftet til kongen!
Men noko har du enno ikkje prøvd deg på. Det er kokebøkene og
bakebøkene som Selja forlag gjev ut! Du var med i styret i sogelaget
dei fyrste åra. Og då fekk me andre servert utsøkt kokekunst!
Men ikkje berre her hjå oss, men òg i regional samanhang,
har du medverka med mykje.
Torkjell Djupedal, forleggaren i Selja Forlag skriv i sin uttale til kongen noko
eg gjerne vil lese: Steinsund er ein uvanleg dyktig og grundig forteljar,
og det er ein fryd å lese det han skriv. Det er tydeleg for lesaren at han kjenner
stoffet og kulturen frå personleg røynsle, og at han har omfattande kunnskapar
om dei emne han skriv om. Han har også ei sikker vurderingsevne og er nøye
med at alt han fortel er korrekt. Samstundes let han alltid menneska han fortel
om kome fram og held seg sjølv som forteljar i bakgrunnen.
Språket og forteljarmåten er framifrå. Solund er heldig som har ein så kunnskapsrik
og dyktig formidlar av lokalhistorie, som også gjennom skrivinga si dokumenterar
og tek vare på stoff for ettertida. Dette er stoff som elles ville gå tapt. Eg er sikker på
at Steinsund sjølv kjenner eit ansvar for å dokumentere og ta vare på forteljingar frå
den kulturen han kjenner så godt. Eg har såleis berre godt å seie om Hans H. Steinsund,
og vil gje han dei aller beste skussmål.

Betre attest skal det godt gjerast å få!
Hjarteleg til lukke med dagen!

Bjørn Magne Hansen
leiar  Solund sogelag