Julemesse på Krambua
Av: Finn J Hugøy
Det kom mest som "Jula på kjerringa" då vi entra dørstokken til den gamle Krambua i Hersvik denne regntunge laurdagen i november. Her var det pynta og fyrt i omnane (gass) for å få det ekstra trivelig. Vareutvalet var som det brukar vere på ei krambu, svært godt og handelen såg ut til å bli bra. År etter år, trår folk til og skapar glede for alle dei frammøtte. Her var da laga julegløgg, juleskjeve med brunost, kaffi og betasupe. Folk prata og kosa seg, på lange plankebenker langs bord av skipsluke frå kjende Nord Solund farty.