Nostalgisk ramme rundt kaidagen

Atter ein gong inviterte Bygdelaget Jonsokblomen og Sogelaget til den årlege Kaidagen.

Den gamle sjøbua med den delvis restaurerte krambua på Hersvikbygda, gav ei vakker og nostalgisk ramme kring denne dagen. Her var folk frå fjern og nær som møttest for å minnast om farne tider. Med færing og gamle fiskereiskapar kring veggene var det lett å få fram gamle minne som er viktig å få med seg for den yngre generasjon.

Snorklypping
Eit høgdepunkt var det og når ho Hildur Stølsvik, frå ei av øyande, kunne klyppe snora for den nye ilandstigingsbryggja som var på plass. Det kom mange godord til kommunen for dette tiltaket.
Kanskje det var dette som inspirerte ho Hildur og medhjelparar til å lage den gode rømmegrauten til et hundretals personar. Elles så gjekk det unna for dei driftige damene som stod over grillen og vaffeljernet. For det gjestfrie folket som bur der ute ved havkanten kan dei ikkje få gjere nokk når dei får gjester.

Fiskekummen
For borna var det fiskekummen som var det mest forvitnelege. Med krabbe og alle slags fiskesortar og ikkje å gløyme Redningsselskapet som stilte med Elias. Ein tur på hamna for dei yngste svært så populært.
Eit vellykka arrangement i vakkert sommervær er over og med forventning ser vi fram til neste gong vi kan samlast i dette gode miljøet.

Tekst og bilete: Leif Thuland