Ramma rundt dagen var som før, folk flest kunne huske dagen i fjor og vite kva dei kom til så skulle vi ikkje skuffe dei. Vi har vel ikkje lagt opp til noko maraton mellom masse stands og aktivitetar. Her skal ein kunne sette seg ned å finne ro saman med kjende og ukjende. Så skal vi hjelpe til med å få folk til å glede seg og slappe av i eit historiske miljø. Sjølvsagt hadde vi tenkt på borna og laga til "livet ved kaia" i eit stort kar. Dette er alltid ein fulltreffar blant borna, da same er Redningsselskapet sine Elias båtar, som vi også var so heldige å få levert på kaia av RS Utvær.
Det er alltid eit spørsmål blant oss som skal lage til dagen, kor mange kjem skal tru?
Men med dyktige grautkokarar, grillarar, kaffi og vaffellagarar vart ikkje dette noko problem. Hildur Stølsvik og Rigmor Hugøy fekk verkeleg omsetning på grautpannene sin, som dei verkeleg kan betre en nokon. Ja da gjekk so hett føre seg at vi stadig vart straumlause då dei som hadde fått i seg grauten ville ha kaffi og vaffel. Vi er so heldige å ha gode medhjelparar, ikkje berre frå Solund men også frå andre stadar i landet. Grunne til det kan vere at vi har eit godt samarbeide og konsentrerer oss om det vi skal utføre og ikkje noko anna. Eg tykkje det er ei glede å sjå at andre også vil yte utan å tenkje på seg sjølv. Samarbeidet mellom fleire lag har vist seg å fungere godt. Den største begivenheita i år var opning av den nye flytekaia i hamna. Dette var eit etterlengta tiltak som mange har venta svært lenge på. No er den på plass og til stor glede for dei som kjem frå øyane for å handle eller har andre ærend på hovedøen..
Takk så mykje til alle som var med å lage dette til ei flott feiring for alle frammøtte.
Og ikkje minst takk til alle som møtte fram på dagen og ga oss klingande mynt i kassa. De bringer oss nærare prosjektet med nytt tak på bua.
Solund sogelag
Finn J Hugøy
Kanskje det beste er å laste ned denne fila før du ser den.
Den er i format mpg. og på 17 244 kb.
For å laste ned: høgreklikk og vel lagre som..
Ein strålandes dag i ei strålandes bygd.
Nok ein gang inviterte Bygdelaget Jonsokblomen og Solund sogelag til kaidag på Hersvik. Rundt 200 møtte fram på denne vakre dagen.