KAIDAGEN HERSVIK 2009
Av: Inge Hugøy
Det var med stor spenning ein gjekk kaidagen i møte. Mykje førearbeid skulle gjerast, den faste gjengen med gode hjelpara + ein god del andre stilte som vanleg opp og gjorde ein kjempejobb. Godt samarbeid er halve arbeidet når noko skal gjerast. Det skulle etter kvart syne seg at kaidagen overgjekk alt ein hadde førestilt seg i tal besøkande denne dagen. Kaidagen var på førehand godt annonsert, også munn til munn metoden var medverkande, utifrå tidlegare kaidag og folk hadde sjølvsagt forventningar til det som dei hadde valgt og spandere dagen på. Kaidagen hadde eit rikhaldig program. Kort fortalt: Mykje god mat, ulike aktivitetar for ungane, Bakkejekta låg til kai, sal av flotte T-skjorter med logo av krambua og "Husefjell" og med ei mengd med suleuttrykk som synte seg og verte ein svært så populær salsartikkel. Krambua kunne også stille med ei restaurert handkvern, som ungane fekk høve til å male korn på. For dei vaksne damene, var tema i krambua i år; gamle broderi. Mykje fint er samla og utstilt på krambua. Karane kan kvile auga på gamle båtar, reiskapar av ulike slag, diverse garn og fangstutstyr. Folk storkosa seg og praten gjekk lett rundt omkring borda. Det som til slutt skulle syne seg å toppe denne dagen, var besøket av sjølvaste stasskuta, "SJARMØR", som tilhøyrer Nordsolund fiskeriselskap.
Kaidagen på Hersvik kan ein vel etter kvart kalle for ein tradisjon. Mykje arbeid vert lagt ned av friviljuge og dyktige medarbeidarar. Det er mykje som skal på plass på ein slik dag og ingen ting gjer seg sjølv. Dugnadsgjengen hadde sjølvsagt håp om godvêr denne gongen også og det skulle syne seg at "linken" til den som styrer med slikt verka. Dagen vart svært så fin, trass i ein heller våt sommar så langt.
Folk frå Bygdelaget "Jonsokblomen" stilte med ekstra bord og stolar, slik at dei besøkande kunne få sessa seg på ein grei måte. Det vart rigga "grilltelt" der dyktige damer serverte framifrå velsmakande grilla laks og sommarkoteletta med godt tilbehør, og grillpølse. Folk frå Færøy/Vassdalen stilte med bakarvarer som fekk "bein og gå på". Krambua serverte mengder med rømmegraut, laga etter lokal oppskrift, denne vart servert med morrpølse til. Kaffi, brus og vaflar gjekk unna i store mengder.
Utanfor skjedde det mykje av ulikt slag. Ungane kunne forlyste seg rundt eit stort fiske kar. Her hadde enkeltpersona i Leknessund gjort eit flott stykke arbeid med å skaffe til vegs ulike fiskeslag og krabbar, slik at ungane kunne få ein opplevelsesrik dag på Hersvik. I tillegg var Elias-båten til Redningsselskapet skaffa til vegs til denne dagen. Her vart det til tider kø av ungar som gjerne ville prøve seg. Ei nyrestaurert handkvern gav ungane høve til å prøve seg i kunsten å male korn. Imponerande å sjå på energien til enkelte ungar, for her måtte det brukast krefter. Kornet var levert og sponsa frå lokalt hald, nemleg Furrevika.