SANKT HANS FEIRING 20 JUNI 2009 PÅ HERSVIK
av: Inge Hugøy
For fjerde året på rad vart det skipa til Sankt Hans feiring i krambua sin regi. Feiringa vert som vanleg lagt til nærmaste helg til Sankt Hans. Dei staute "gamlekarane" i dugnadsgjengen hadde tidleg logistikken for feiringa på plass. Materialar til bål og anna fornuftig brennbart var skaffa til vegs. Tradisjonell mat i form av rømmegraut og spekemat vart laga, likeeins vaflar og kaffi hadde ein "planlagt" at det kom til å gå mykje av. Bygdelaget Jonsokblomen sine friviljuge stilte som vanleg med etande god grillmat og anna "bistand". Då var det att å vente på at dei fyste gjestene skulle komme denne gongen også, og dei skuffa ikkje dugnadsgjengen.
Hildur Stølsvik i full sving med rømmegrauten.
Dette har synt seg å være ei av tilskipingane som trekk mykje folk og som er vorte svært så populært. Ein stad mellom 80 og 85 frammøtte denne gongen. Været var strålande fint, nordvestleg frisk bris og ei stund hadde me otte for at bålet ikkje kunne tennast. Etter at det hadde vorte konferert med ein staut brannmann frå vestlandets vakre hovudstad, følte nemnda seg rimeleg sikre på at dette skulle gå rette vegen denne gongen også. Jonsokbålet var strategisk plassert nora på moloen i flomålet. I framkant av bål brenninga hadde folket innteke rikelege mengder med grillmat. Då den var vel fortært vart den toppa med Hildur sin rømmegraut, spekemat, vaflar og kaffi. Dei som hadde trong for meir næring etter dette måtte eventuelt innta det etter heimkomst. Etter matøkta var det tid for jonsok quitzs. Mary-Ann Hersvik Strøm hadde for anledninga laga oppgåver av suleuttrykk som var henta frå boka "Sulingane seie so". Her fekk mange bryne haue sitt på uttrykk som dei følte seg rimeleg sikre på. Da skulle fort vise seg at her var det mange som var på "utrygg mark".
Laila Mattevik har fått fres på grillen og dei første "svina" er nesten klar for levering.
Så vart da tid for bålbrenning. Folket trekte nord til moloen, og på da viset fekk dei fleste "inhalert" litt av jonsokstemninga denne gongen også. Då bålet var så godt som nedbrunne vart da til at folket trekte inn på bua, då da va vorte litt hustrig ute. På bua va da på førehand tillaga med bord og stola. Jorunn hadde fått den ærefulle oppgåva med å gjere opp status for konkurransen. Da vart både lått og løye då Jorunn las opp dei rette svara. Vinnar av konkurransen vart Astrid, premien var boka "På kjøl mellom kystperle i Nord-Solund" utgitt av Solund sogelage. Det vart etter kvart tid for oppbrot. Mykje fornøgde folk takka for seg, dugnadsgjengen kjende på den gode gleda over endå ei vellukka tilstelling. Slikt gjer sjølvsagt sitt til at ein ser fram imot neste samkome med glede.
Krambunemnda er sjølvsagt takksame om der er fleire friviljuge som har lyst til å være med å hjelpe til på dei ulike arrangementa, så det er berre å melde seg.