Minnemarkering i Ospa 5 år etter
Den 28. juli 2008 var det på ny minnemarkering i Ospa, på 5-årsdagen sidan avdukinga av minneplatene etter MTB345. Til arrangementet var inviterte både marineleiing og dei 11 av Solund sine krigsveteranar som endå levde att. Kommandørkaptein og sjef for MTB-våpenet, Helge Tonning, kom til Hardbakke med KNM "Hitra". Her i Ospa hengde han opp krans frå MTB-våpenet, og ordførar Gunn Åmdal Mongstad hengde frå Solund kommune. Begge to heldt talar.
F. v.: Sjef for MTB-våpenet, Helge Tonning, Magnus Hjønnevåg, og broren Kåre Hjønnevåg, ordførar Gunn Åmdal Mongstad, Arne Lambrechts, Bernhard Avløyp.





Alle som var med - og som følgde med frå båtar - fekk ei verdieg oppleving i den vakre soldagen. Ein ekstra kontingent av små og store tennfjordingar la særs god kraft i allsongane. Seremonien føregjekk frå skyssbåten "Solundøy", som Vidar Hop stilte opp med for ein nærmast symbolsk sum.  

Etter markeringa i Ospa gjekk turen til Hardbakke, til Solund Bryggje, der veteranar med ektefellar, marinemannskap og andre fekk ein spenstig fiskemiddag. Høg alder og sjukdom gjorde at fleire av veteranane ikkje kunne vere med. Også her var talar, bl. a. av dei to som stod bak arrangementet, Trygve Heggheim og Hans H. Steinsund. Ikkje minst gjorde Gunn Åmdal Mongstad suksess med solundvisa Alt du ver og leitar etter. Arrangementet vart finansiert av restoverskotet frå innsamla midlar til kjøp og montering m. m. av minneplatene i 2003.  Foto: Magne Åhjem.

KNM "Hitra" fylte godt opp på Hardbakke hamn. Her på veg til seremonien i Ospa. "Hitra er 111 fot lang og har framdriftspropellane, ein i kvart "hjørne", heilt bak. Skipsføraren valde å ikkje gå inn i Ospa, men heller liggje på sørsida av øymylderet "og helse" båtar som kom og gjekk.  Etterpå returnerte båten til Hardbakke. Foto: Magne Åhjem.
FRAMSIDA   BØKER   SOLUNDARKIVET    KLYPP FRÅ LOKALSOGA   LINKAR   KART  KONTAKT & INFO