FRAMSIDA   BØKER   SOLUNDARKIVET    KLYPP FRÅ LOKALSOGA   LINKAR   KART  KONTAKT & INFO
Minnehøgtid i Ospa 2013
Søndag den 28. juli var det på 70-årsdagen for arrestasjonen av mannskapet på MTB 345 høgtideleg markering i Ospa. Frå Haakonsvern kom kystvaktfartøyet "Ålesund" med ni deltakarar - tre av dei admiralar. På ein stavstill Lågøyfjord spaserte dei rett om bord i skyssbåten "Solundøy", som kom med folk frå Hardbakke. 
Det var tidlegare fylkeskartsjef i S. og Fj., Trygve Heggheim som for 10 år sidan kasta fram ideen til dette krigsminnesmerket og som saman med Hans H. Steinsund fekk det på plass i 2003. Det var også dei som stod for 5-årsfeiringa då KNM Hitra kom til Solund, og som no arrangerte markeringa på 10-årsdagen.

MTB 345 var ein spesialbygd båt for operasjonar på norskekysten i den lyse årstida. Han låg gøymd under ein berghammar i Ospa då han vart oppdaga og inneringa av tysk marine. Tyskarane greidde å kople frå sprengladningen som skulle destruere båten. I det ulendte terrenget ovanfor blei det ein hektisk og fortvila våpenkamp mot ein totalt overlegen styrke. Dei 7 om bord, 6 norske og den engelske radiotelegrafisten, vart same kvelden førte til Bergen og morgonen etter til Ulven. Etter framlegg frå Terboven og aksept frå Hitler blei dei omdefinerte frå krigsfangar til sabotørar. Harde Gestapo-avhøyr avslørte ingen kontaktpersonar. Ein for ein vart dei skotne utan lov og dom, og seinare senka  i Korsfjorden med sprengstoff i kistene.
Medan "Solundøy" seig sakte inn Djupesundet, orienterte Hans H om andre krigsoperasjonar i Ospa knytt til året 1943: bensinlageret, våpenlageret og om Ospekirkja der Oskar Netteland saman med ein annan agent stasjonerte i telt og sende vitkige meldingar til England. Tryggve Heggheim leia høgtidsstunda ved minneplatene. Først ut var ordførar Ole Gunnar Krakhellen som la ned krans frå Solund kommune, dernest generallinspektøren for Sjøforsvaret, kontreadmiral Bernt Grimstvedt som hadde med krans frå Sjøforsvaret. Den einaste sulingen som lever att av krigsveteranane, Magnus Hjønnevåg, var til stades saman med Margit, kona. Med var også Arne Lambrechts, som var for ung til aktiv krigsteneste, men budde med mor og sysken i Skottland det meste av krigstida. Ein del båtar frå grendene ikring hadde ankra opp like ved minnesmerket og var slik med å skape verdigheit over høgtidsstunda. I ein av båtane var Einar Bontveit, som den gongen bronseplatene skulle få sin plass, stilte med kranbåt og gjorde fjellsliping og montering overkommeleg.
Fv. Hans H. Steinsund, generalinspektør for Sjøforsvaret Bernt Grimstvedt, og Trygve Heggheim.  Foto: Torbjørn Hop.



Ein av grunnane til at Sjøforsvaret lyfta opp denne markeringa til admiralnivå, var at dei frå no av tek over ansvar, vedlikehald og markering av minnesmerket, etter sterk oppmoding frå arrangørane. Ved sida av admiral Grimstvedt stilte også kontreadmiral i Sjøforsvaret Kjell-Birger Olsen og pensjonert kontreadmiral Torolf Rein, den siste var forsvarssjef i tidsrommet 1989 - 1994.
"Solundøy" - førd av Vidar Hop - gjekk attende til Hardbakke der marinen og spesielt inviterte fekk ein enkel middag på Solund Bryggje. Under bordseta leia av Hans H. hadde fleire ordet, bla. ordførar Krakhellen, og forfattar, historikar, og universitetslektor Sven-Erik Smith Grieg som har skrive boka "De drepte våre menn", boka som nettopp handla om tragedien i Ospa. Han gav nokre gratiseksemplar til Solund kommune, og leverte kvar si signert bok til arrangørane. Trygve Heggheim fortalde litt om prosessen med å skaffe økonomi til å realisere prosjektet. Generalinspektør Grimstvedt rosa dei to som stod bak minnesmerket og lova å ta vel vare på det, også framtidige markeringar var det naturleg for dei å gjere. KV "Ålesund" hadde i mellomtida gått til Sognesjøen og henta marinefolka att i to puljar med sin eigen lettbåt, - no i frisk sønnavind og regn!
Fv: Sven-Erik Grieg Smith, kontreadmiral Bernt Grimstvedt, Magnus Hjønnevåg, Arne Lambrechts, ordførar Ole Gunnar Krakhellen, og Trygve Heggheim.  Foto: Torbjørn Hop.


Solundøy ved minneplata.   Foto: F. Hugøy
Kontreadmiral Bernt Grimstvedt legg ned krans. Foto: F. Hugøy
Nokre av båtane som deltok. Foto: F. Hugøy
Tekst: Hans H. Steinsund
Foto: Hans H. Steinsund