FRAMSIDA
Friske notbasar frå Nord-Solund

Av Åsmund Færøy

Åsmund Færøy (1916 - 2001) var frå Hersvik, men budde i Haugesund. Som pensjonert politimann gav han til beste fleire lokalhistoriske godbitar frå Solund, denne her er frå 1993.
Han fortel om landnotfisket og kjem inn på korleis fiskarane gjekk fram  når dei brukte "nabbespel" og snurpespel (sveivspel) i notbåtar og rodorryar.  Det var sanneleg litt av eit bask å dra nota langs botnen til der det kunne setjast lås (steng der silda kunne stå fram til opptak).

Fv: Inger Saltskår (1870-1962), Anton (1903 - 2000), David (1906-1943) Lars (1861-1932) Framme: Lyder (1911-1971)
Foto: Inglaug Sætevik
Gamle Lars Saltskår var kjend for å vere ein god notbas og for sine veldige krefter. Når dei hadde kasta, var det ofte vanskeleg å få landtoget fast. Berget kunne vere glatt og sleipt, og det var uråd å få feste for dregg eller annan reiskap. 
Ein gong fann han ikkje feste for dreggen, men sette seg ned og fekk spenntak i ei sprekke i fjellet. "Eg tenkjer de kan spele", sa han.  Han tenkte rett og heldt landtoget til nota var framspelt.  Det skulle både vit og makt til.  Lars hadde begge deler.

Modig ungdom 
Det var så visst ikkje alltid at stor- og vårsild søkte land slik at det gjekk an å setje steng der nota gjekk i sjøen.
Ofte fann dei silda "på handloddet" like oppe i brenningane der det var eit sjansespel å kaste og uråd å setje steng.

Chester Saltskår fortalde at Lyder Saltskår (sonen til Lars) fann mykje sild på utsida av Feøy (Føyna), vest av Karmøy. Det var fleire basar som kjende silda på loddet, men ingen våga å kaste då det var for stor risiko med omsyn til reiskapstap.
Lyder var snautt 20 år den gongen (kring 1930), og han let nota gå. Dei andre basane lo vel litt åt den unge våghalsen, men då det såg ut til at sildedotten han kasta på, var innringa, vart dei meir interesserte. Veret var bra og mange "bad seg inn" som det heitte, og vart med på berginga av silda.

Sildeopptak. Om somrane var det vanleg å kaste sild og makrell frå småbåt på gode sildevikar.
Foto: Harald Engevik

Laga renne av nøter
På utsida av Feøy er det ikkje råd å berge sild, men det går ein oppmudra kanal tvers over, djup nok til at mindre farty kan flyte. No laga dei ei renne av nøter, og ved hjelp av skimler, hamring med årar, og i tillegg steinkasting, dreiv dei silda gjennom kanalen til sikker stengeplass på austsida av Feøy.  Det var ikkje noko lite kast, men så mange var det med på bergingsaksjonen at mannsluten vart om lag ti kroner!

Mange av dei gamle notbasane som hadde stor lokalkjennskap, var ekspertar på å berge sild med å lage renne av nøter. Men dei same karane var ofte forsiktige og redde for nøtene sine.  Hovudkastaren, han som først fekk nota i sjøen, bestemte kven som skulle vere med.  Ofte vart han lurt av folk som melde seg på med to og tre bruk, men som berre hadde  e i  einaste skikkeleg not.  Somme av desse basane dreiv med landnot i all si tid, og med godt økonomisk utbyte, men passa på ikkje å kaste før andre hadde teke risikoen og gjort grovarbeidet.
Skimle