FRAMSIDA
Infoplater vaktstasjonar Solund



Minneplata i Ospa.
Hans H. Steinsund ved minneplata på Tungodden.
På dei neste sidene får du litt utfyllande informasjon om stasjonane. Det er og skreve fyldige artiklar i Solund sogeskrift.
I Solund er no komme informasjonsplater på tre av dei fire viktigaste vaktstasjonane som tyskarane hadde i kommunen under siste verdskrigen. 

Vaktstasjonar var det på Husefjellet over Steinsundgardane, på Tungodden, Hugøy og Utvær.
Ei kortare tid var tyskarar stasjonert på Tangenes, og noko lengre på Heia, eit høgdedrag over Hersvik, det var denne siste posten som blei flytta til Hugøyknolten.



Heggheim og Steinsund diskuterte fleire gonger kva overskotet kunne brukast til. Hans hadde lyst å få sett opp ein kort informasjon på dei tidlegare tyske vaktstasjonane her ute, noko han fekk aksept for.  Ofte var det spørsmål frå skuleklassar om guiding på desse plassane, også for framtida ville det vere fint om folk kunne få ei kortfatta orientering når dei først tok turen til krigshistoriske kulturminne. 

Alle grunneigarane fekk skriftleg førespurnad og tre gav straks klarsignal. På Utvær fyr var siste plassen tyskarane etablerte vaktstasjon. Kystverket var i ein avviklingsfase med tanke på fyra, dermed valde dei å stå utanfor når det endeleg vart eit svar å få.

Hans gjekk så i gang med å forme ut tekstar. Ymse materialalternativ vart vurderte. Minst muleg vedlikehald var eit viktig element, saman med tydeleg utforming og kostnad. Vareprøve av eit slags glasprodukt brukt til infoskilt på høgfjellet var berre pulver i ein boblepose då det kom fram til Steinsund.

Valet fall så på å få informasjonen prega i syrefast materiale, eit arbeid Askvoll skiltfabrikk utførte. Også monteringsboltane er i same materialet.

Hans var tidleg rundt på plassane og såg ut kvar informasjonen måtte stå. Etterkvart kunne  monteringa ta til. Med kommunal Hilti-drill, batteri, plater og monteringsutstyr i ryggsekker var det ekstra triveleg at ein hendig praktikar stilte på, ein kvar gong, nemleg Hallstein Steinsund, Nils Bjørgo og Idar Hersvik.

Platene fekk fin og lun plassering og er ikkje synlege før ein står like ved.
Teksten orienterer om bygningar, arrangement, oppdrag, funksjonstid og ev. angrep (signalstasjonen Tungodden). Med tanke på framtidig ettersyn og lokal forankring var det berre naturleg å signere med Solund sogelag. 

Utvær fyrstasjon har ikkje fått slik plate, men dette let seg truleg løyse om ynsket kjem.

Informasjonsplatene er finansierte av eit lite overskot frå arrangementet med å setje opp minneplater over MTB345-tragedien i Ospa. Det var fylkeskartsjef i Sogn og Fjordane, Trygve Heggheim som kasta fram ideen om å markere denne krigsminneplassen i Ospa. Trygve Heggheim og Hans H. Steinsund samarbeidde så tett med å få prosjektet i hamn. 28. juli 2003 - på dagen 60 år etter at MTB-mannskapet vart arresterte - blei platene avduka med stor festivitas på sjø og land. Då så platene var betalte, av strevsamt innsamla midlar, og staten hadde forsynt seg med full moms!, flaut det altså nokre kroner. 
Trygve Heggheim
Foto Magne Åhjem