FRAMSIDA   BØKER   SOLUNDARKIVET    KLYPP FRÅ LOKALSOGA   LINKAR   KART  KONTAKT & INFO
MS Heim
Skøyta Heim hadde høyrt til i Kråkenes (Nordre) og hamna så i Koksøy, Gulen. Derfrå kjøpte Trygve Hugøy henne att i 1951.
Heim gjekk ei årrekkje som størje- og brislingfølgjar. Skøyta var ca. 41 fot, med 25 HK Nordlys. Trygve var i Mælandsvågen nokre år seinare og bygde maskina om til 32 HK.
Karakteristisk svinerygg, kvite landternebrett og smal styhusrute er gode kjenneteikn, seinare sveisa dei kne på eksosrøyret. Kvite pentekaggar på bakken til bruk når brisling- eller musse skulle låssetjast.
Skøyta vart kondemnert i 1962, same året som han kjøpte ”Sulestein”.

Solar til 0,25 øre
No er eg so heldig å ha fått overteke rekneskapsbøkene etter far sine båtar og vil med tid og stunde gi alle innblikk i dei. Dei går attende til 1951 då han overtok  MS Heim.
Side 7 og 8 som er dei første sidene eg vil offentleggjere viser eit godt innblikk i diverse prisar år 1952. dieselen var 0,25 øre på slutten av 1951.
Finn J. Hugøy


Rekneskap for Heim
Side 33, fyrste turen med Hå-line.
Side 7og 8
Side 13 og 15
Side 5, litt om vedfrakt frå Sogn.