FRAMSIDA   BØKER   SOLUNDARKIVET    KLYPP FRÅ LOKALSOGA   LINKAR   KART  KONTAKT & INFO
Takk til Solund-fiskar for krigsinnsats

Dette heidersteiknet fekk fartøyeigar og notbas Lyder Saltskår tildelt i 1946 for motstandsarbeid under andre verdskrigen. Lyder (1911-1971) budde i Saltskår og var på fleire vis aktiv, sjølvsagt i all løynd, og med gode kontaktar. Einar Færøy (1904-2004) sa i eit lydopptak: "Lyder hadde ein finger med i det meste av motstandsarbeid her i Nord-Solund, men få visste det, og ingen kjende kjeldene hans". Einar meinte det var Lyder som peikte ut plassen der M/K "Andholmen" la opp bensinlageret i Ospa, for MTB-ar.
Utan å vite om kvarandre kom Lyder og Johs. Mathiesen samtidig til Stokkevåg med bod om at familien Leonard Solheim måtte rømme omgåande. Fleire gonger hadde Lyder agentar buande på sitt eige sjøhusloft, bl. a. måtte han ein seinkveld føre Eivind Viken og Atle Svardal ut i Gåsvær då saltskårfolket bad til gravferd etter David (1906-1943), ein bror som kom vekk på sjøen.  

Dokumentet er ein attest for krigsdeltaking, skriven ut 24.04.1946 av Bernard Montgomery i takksemd til Lyder Saltskår fordi han i kampen for fridomen frivillig ytte krigsteneste for dei allierte.

Trygve Heggheim - tidl. fylkeskartsjef i S. og Fj. - har gjennom forsvaret, vidare til England, prøvt å rekkje opp om det ligg spesielle tenester eller oppdrag som bakgrunn for merksemda sidan det er sjølvaste Montgomery som har skrive under. Førebels er Heggheim utan gode svar. Inntil vidare er kanskje resonnementet frå biblioteket ved Norges Heimefrontmuseum ikkje så dumt:
"I 1946 kan noen (i England) ha levert inn en anbefaling til at han skal få en påskjønnelse og tilfeldighetene har villet at det var Montgomery som på det tidspunktet hadde den adminitrative rollen (Montgomery var bl.a. britisk generalstabssjef i 1946). Det kan passe i.o.m. at SOE var nedlagt".

Feltmarskalk Bernard Montgomery var nemleg ikkje kven som helst. Han sigra ved ElAlamein i Nord-Afrika og hadde bl a. kommandoen over britiske og kanadiske styrkar under invasjonen i Normandie i juni 1944. Montgomery hadde høgste militærgrad i England, og det skal vere heller spesielt at han skreiv ut slike æresbevis for krigsdeltaking. Derfor måtte denne påskjønninga vere ekstra verdfull for Lyder.

Æresteiknet hadde Lyder hengande på heidersplass i heimen sin, på Lyderholmen. Fosterdottera til Lyder og Hjørdis, Aud Våge Johannessen, synest det er på sin plass at ein kopi vert registrert i Solundarkivet, slik fotografen føreslo då han fekk sjå det.


Hans H. Steinsund
Foto: Inge Hugøy
Lyder Saltskår