FRAMSIDA   BØKER   SOLUNDARKIVET    KLYPP FRÅ LOKALSOGA   LINKAR   KART  KONTAKT & INFO
"Svensken" på Hersvik
Det var året før han døydde at Åsmund Færøy (1916-2001) skreiv ned historia om livbåten "Svensken".  Inge Hugøy hadde i julehelsinga oppmoda Åsmund om dette, og i februar kunne Inge ta imot svaret: 
"Så vidt eg minnest var det slik at far (Johan Færøy) skulte på Færøyna, og han og Jakob Mikkelsen rodde vestover til Ospa, truleg for å leite etter rak. På vestsida av Ospa, ved Værøyhellaren, såg dei ein livbåt, og ein mann som låg oppe ved hellaren. Mannen var det så vidt liv i. Dei forstod fort at han var så skral at kvart minutt talde, og dei tok kortaste vegen til Saltskåren. Inger Saltskår var kjend som ei handlekraftig kone, som hadde hus, varme og hjartelag. Mannen, som viste seg å vere ein ung svenske, fekk stell og pleie. Han synte si takksemd i mange år, idet han skreiv til Inger og kalla henne mor.
Om forliset veit eg ingenting. Men det vart halde ei slags sjøforklaring der det kom fram at svensken som vart funnen ved Ospa, var den einaste overlevande. Far og Mikkelsen fekk livbåten i bergelønn. Båten vart heitande "Svensken". Far og broren Nils hadde då kjøpt ein motorbåt, "Nansen", på Hellersøy. Denne båten var på 25 fot og hadde bensinmotor, - som ikkje alltid var like villig å starte. Det vart til at Nils kjøpte Mikkelsen sin part i den 18 fot lange livbåten og sette inn ein 4 hk Rap. No hadde det vorte stoppestad i Kråkøysundet for Fylkesbåtane, og livbåten høvde godt til å frakte varer i.
Far overtok "Nansen" og kjøpte ein 4 hk Rap, 1911- modell, og sette inn i denne båten. "Svensken" var i bruk til det blei stoppestad på Hersvik (kring 1915), og motoren fekk Per på Hamrane i "Hersen", ein klinkbygd båt som gav han leveveg i mange år. "Svensken" vart nytta som notbåt ei stund. Kanskje hugsar far din at han, Siggen, Thomas, Karl på Berget og eg gjorde eit notkast i Rutledalen sumaren 1932 og fekk ein fangst på 2400 kg makrell. Seinare gjekk "Svensken" under klegrytene, men eg hugsar at me tok vare på ein del av koparsaumen."

Inge Hugøy skriv dette:
Roret til "Svensken" vart funnen på bualemmen til Trygve Hugøy, som ein del av golvet der for mange år sidan. Johan Færøy åtte bua tidlegare. Etter kontakt med Åsmund Færøy så kunne han fortelje historia om roret og kor det hadde høyrt til. Roret vart skrapt, pussa og stelt og tilslutt olja. Den fine gløden i treslaget (eik)? kom fram og det vart klart at dette måtte gjere seg som bokhylle i "kontoret" på Hersvik. Eit av bygga som Johan Færøy også fekk sett opp i si tid.


I Merkeregisteret for fiskefartøy (f. eks. for 1936) finn me
SF-60-SU "Nansen", 25 fot, 4 hk Rap, eigar: Johan Færøy.
SF-140-SU "Svensken", 18,1 fot, 4 hk Rap. Eigar: Nils Færø.
Motoren i "Hersen" var 1918-modell.
Båtmotoren Rap var i utgangspunktet dansk.
Men så vart fabrikken A/S Motoren Rap etablert i Kristiania i 1907.
I 1931 blei namnet endra til A/S Motoren Rapp.
Denne motoren på 4 hk var den minste fabrikken laga.
Mange sulingar hadde denne, bl. a. fleire på Hersvik.
Også første motordrivne presteskyssen i Solund hadde slik maskin,
etter at dei hadde prøvt med ein dansk Dan. 

Etterskrift: Hans H. Steinsund

Hellaren i Verøyna, som er ei stor hole. Det er og ein stor hellar lenger oppe på øyna, men den er mykje lågare. Foto: Finn J Hugøy