Solundarkivet frå: 001-100

Gå til side: 1 2 3 4 5 6 Neste
Filnavn: Søren Ytreøy
Beskrivelse: Søren Ytreøy f.1855 på militærteneste i Vik i Sogn. Søren og kona Anne Helene frå Storøy var brukarar på hovudbruket i Ytrøy, og bygde våningshuset, fjøsen og sjøbua. Marie, gift med Truls Pollen, var den fjerde i rekkja av dei 9 borna deira.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 001
Krediteres: Liv Pollen
Søren Ytreøy f.1855 på militærteneste i Vik i Sogn.  Søren og kona Anne Helene frå Storøy var brukarar på hovudbruket i Ytrøy, og bygde våningshuset, fjøsen og sjøbua. Marie, gift med Truls Pollen, var den fjerde i rekkja av dei 9 borna deira.

Filnavn: Stranda
Beskrivelse: Søskenflokk med etternamn Strand oppstilte for fotografering.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 002
Krediteres: Arne Strand
Søskenflokk med etternamn Strand oppstilte for fotografering.

Filnavn: Avløypet
Beskrivelse: Søndagsstemning i berglandsskapet
Objektnavn: Solundarkivet nr: 003
Krediteres: Arne Strand
Søndagsstemning i berglandsskapet

Filnavn: Skuleborn Strand
Beskrivelse: Elevar ved Strand skule på skogplanting.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 004
Krediteres: Arne Strand
Elevar ved Strand skule på skogplanting.

Filnavn: 5 Nordre Hop
Beskrivelse: Brurpar på Hop. Brukarar på garden Nordre Hop.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 005
Krediteres: Borghild Leirvåg
Brurpar på Hop.  Brukarar på garden Nordre Hop.

Filnavn: 6 Leirvågen
Beskrivelse: Brurpar poserer for bergensfotografen. Desse to vart brukarar i Leirvågen. Sverre Leirvåg var i ei årrekkje heradskasserar i Solund.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 006
Krediteres: Borghild Leirvåg
Brurpar poserer for bergensfotografen. Desse to vart brukarar i Leirvågen. Sverre Leirvåg var i ei årrekkje heradskasserar i Solund.

Filnavn: 7 Leirvågen
Beskrivelse: Eldre ektepar utfor stovehuset i Leirvågen. Desse to var brukarar på garden, Marthinus åtte dessutan notbruk saman med Ola Andreas og Gullak Steinsund. Martha gjekk i jordmorlære og overtok denne tenesta i Solund etter svigermor si.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 007
Krediteres: Borghild Leirvåg
Eldre ektepar utfor stovehuset i Leirvågen. Desse to var brukarar på garden, Marthinus åtte dessutan notbruk saman med Ola Andreas og Gullak Steinsund. Martha gjekk i jordmorlære og overtok denne tenesta i Solund etter svigermor si.

Filnavn: 8 Leirvågen
Beskrivelse: Dette er Sigrid Hansdotter, første jordmora i Solund, ho var i teneste til svigerdottera, Martha Leirvåg, tok over. Men Sigrid var også bondekone i Leirvågen.
Gift 1. gong med Marthinus som saman med bror sin kollsiglde og kom vekk i Liasundet.
2. gong gift med Sjur (frå Kråkås) som også kom vekk under kollsigling i Sognesjøen. Folk synte Sigrid stor ære i det ho bar så mange born til dåpen.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 008
Krediteres: Borghild Leirvåg
Dette er Sigrid Hansdotter, første jordmora i Solund, ho var i teneste til svigerdottera, Martha Leirvåg, tok over. Men Sigrid var også bondekone i Leirvågen.<br>Gift 1. gong med Marthinus som saman med bror sin kollsiglde og kom vekk i Liasundet. <br>2. gong gift med Sjur (frå Kråkås) som også kom vekk under kollsigling i Sognesjøen. Folk synte Sigrid stor ære i det ho bar så mange born til dåpen.<br>

Filnavn: 9 Nordre Hop
Beskrivelse: Dette er bonden Lars på Nordre Hop. Han kom eigentleg frå Hersvik, og gifte seg med Brithe, f. Hugøy (Stølsvik). Her bryner han stuttorven.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 009
Krediteres: Borghild Leirvåg
Dette er bonden Lars på Nordre Hop. Han kom eigentleg frå Hersvik, og gifte seg med Brithe, f. Hugøy (Stølsvik). Her bryner han stuttorven.

Filnavn: Solundarkivet nr_10
Beskrivelse: Konfirmantar på den gamle leikeplassen ved Hardbakke skule, Prestehuset (1892) i bakgrunnen. Huset til venstre er Paktarhuset. Vegen opp frå sjøen bøyer austover ovanom Paktarhuset og går vidare til Hop. Han hadde status som Den nye ridevei då han vart bygd. I 1863 løyvde fylket pengar til denne kring 2 kilometer lange bygdevegen, det første bygdeveganlegget i kystkommunane som fekk pengar av fylket.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 010
Krediteres: Borghild Leirvåg
Konfirmantar på den gamle leikeplassen ved Hardbakke skule, Prestehuset (1892) i bakgrunnen. Huset til venstre er Paktarhuset. Vegen opp frå sjøen bøyer austover ovanom Paktarhuset og går vidare til Hop. Han hadde status som Den nye ridevei då han vart bygd.  I 1863 løyvde fylket pengar til denne kring 2 kilometer lange bygdevegen, det første bygdeveganlegget i kystkommunane som fekk pengar av fylket.

Filnavn: 11 Leirvågen
Beskrivelse: Frå slåttonna i Leirvågen. God balanse må Martin Leirvåg ha med så stor høybør. Seinare vart han brukar her, saman med kona Borghild, f. Nordre Hop.


Objektnavn: Solundarkivet nr: 011
Krediteres: Borghild Leirvåg
Frå slåttonna i Leirvågen. God balanse må Martin Leirvåg ha med så stor høybør. Seinare vart han brukar her, saman med kona Borghild, f. Nordre Hop. <br><br>

Filnavn: 12 Nordre Hop
Beskrivelse: To søsken på Nordre Hop
Objektnavn: Solundarkivet nr: 012
Krediteres: Borghild Leirvåg
To søsken på Nordre Hop

Filnavn: 13 Nordre Hop
Beskrivelse: Søndag på Nordre Hop. Borghild Hop og hunden Stella på gråsteinstrappa.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 013
Krediteres: Borghild Leirvåg
Søndag på Nordre Hop. Borghild Hop og hunden Stella på gråsteinstrappa.

Filnavn: 14 Bergen
Beskrivelse: Portrett av Per Lønne, Hardbakke. Per og kona, Lukrits, flytta til Teigen på Hardbakke då dottera Kari gifte seg her til. Per var ein trottig skreddar og ein seig og heiderleg arbeidsmann på garden. I mange år var han også kyrkjetenar.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 014
Krediteres: Per Aarøy
Portrett av Per Lønne, Hardbakke. Per og kona, Lukrits, flytta til Teigen på Hardbakke då dottera Kari gifte seg her til. Per var ein trottig skreddar og ein seig og heiderleg arbeidsmann på garden. I mange år var han også kyrkjetenar.

Filnavn: 15 Bergen
Beskrivelse: Lukrits Lønne flytta saman med mannen, Per, til Teigen, Hardbakke då dottera, Kari, gifte seg her til. Lukrits var ei dugande husmor og venesæl kvinne. Mang ein gong stilte ho opp og stod for matstellet i festsamvær, både i heimar og i ungdomshuset.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 015
Krediteres: Per Aarøy
Lukrits Lønne flytta saman med mannen, Per, til Teigen, Hardbakke då dottera, Kari, gifte seg her til. Lukrits var ei dugande husmor og venesæl kvinne. Mang ein gong stilte ho opp og stod for matstellet i festsamvær, både i heimar og i ungdomshuset.

Filnavn: 16 Strand
Beskrivelse: Dette er frå avslutningsfesten til framhaldsskulen på Stranda 1940.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 016
Krediteres: Bjarne Strand
Dette er frå avslutningsfesten til framhaldsskulen på Stranda 1940.

Filnavn: 17 Strand
Beskrivelse: Dette året var det framhaldsskule på Stranda, vanleg teoriskule, med ein lærar. Elevane har stilt opp utfor skulehuskjellaren for fotografering.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 017
Krediteres: Bjarne Strand
Dette året var det framhaldsskule på Stranda, vanleg teoriskule, med ein lærar. Elevane har stilt opp utfor skulehuskjellaren for fotografering.

Filnavn: 18 Strand
Beskrivelse: Mannskapet om bord i Strand-kutteren "Solundir" tiner vårsildgarna. Garna drog dei runde ute på feltet, til gjengjeld fekk dei den særs stride jobben med å riste silda or garna medan dei låg i hamn. "Solundir" var eit kutterhekka seglfarty, ein såkalla seglslupp på 69 fot. Det var brørne Johannes, Andreas, Kristoffer og Peder Strand frå Solund som kosta dette nybygget, og Peder, seinare busett i Dingja, var skipper. Medan båten var under bygging i Hardanger, vart brørne innkalla til beredskapsteneste i samband med unionsoppløysinga i 1905.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 018
Krediteres: Bjarne Strand
Mannskapet om bord i Strand-kutteren &quotSolundir" tiner vårsildgarna. Garna drog dei runde ute på feltet, til gjengjeld fekk dei den særs stride jobben med å riste silda or garna medan dei låg i hamn. &quotSolundir" var eit kutterhekka seglfarty, ein såkalla seglslupp på 69 fot. Det var brørne Johannes, Andreas, Kristoffer og Peder Strand frå Solund som kosta dette nybygget, og Peder, seinare busett i Dingja, var skipper. Medan båten var under bygging i Hardanger, vart brørne innkalla til beredskapsteneste i samband med unionsoppløysinga i 1905.

Filnavn: 19 Haugesund
Beskrivelse: Her er det mannskapet på Strand-kutteren "Strand I" som tiner vårsildgarna i hamn. Om det kunne vere snarare å dra garna runde ute på feltet, fekk dei dessto tyngre arbeid med å riste ut silda på dekk. "Strand I" hadde motor, men brukte seglføring i tillegg.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 019
Krediteres: Bjarne Strand
Her er det mannskapet på Strand-kutteren &quotStrand I" som tiner vårsildgarna i hamn. Om det kunne vere snarare å dra garna runde ute på feltet, fekk dei dessto tyngre arbeid med å riste ut silda på dekk. &quotStrand I" hadde motor, men brukte seglføring i tillegg.

Filnavn: 20b Bakside
Beskrivelse: Verdikonvolutt til Truls Pollen. Innlagt 216.457,78. I denne konvolutten frå Bergens Privatbank låg oppgjeret for vintersildfisket ved Kalgraff 1944. Truls Pollen sitt fastelag (fleire notlag gjekk saman) på landnotfisket skal delast om den store pengesummen. Til vanleg var det så mange lutarar at det vart lite på den einskilde nothunden. Såpass høg verdi i konvolutten kravde mykje porto, her påklistra: 17 stk. 5-kroners, 3 stk. 1-kroners. Til saman 88 kroner. Også ein bra sum i 1944! Og ikkje noko slendrian på baksida: Heile 7 raude lakk-klyser med stempel i måtte til for å sikre at ingen vart freista til å forsyne seg under vegs.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 020
Krediteres: Liv Pollen
Verdikonvolutt til Truls Pollen. Innlagt 216.457,78.  I denne konvolutten frå Bergens Privatbank låg oppgjeret for vintersildfisket ved Kalgraff 1944. Truls Pollen sitt fastelag (fleire notlag gjekk saman) på landnotfisket skal delast om den store pengesummen. Til vanleg var det så mange lutarar at det vart lite på den einskilde nothunden. Såpass høg verdi i konvolutten kravde mykje porto, her påklistra: 17 stk. 5-kroners, 3 stk. 1-kroners. Til saman 88 kroner. Også ein bra sum i 1944! Og ikkje noko slendrian på baksida: Heile 7 raude lakk-klyser med stempel i måtte til for å sikre at ingen vart freista til å forsyne seg under vegs.

Arkivansvarleg: Finn J Hugøy.