Filnavn: Jorunn Færøy24-1
Beskrivelse: Sjømannsmisjons. foreningen stod sterk i Nord-Solund. Her har dei samla seg i bakken syd for i dag Jorunn Færøy sitt hus.
Objektnavn: Solundarkivet nr:1064
Krediteres: Jorunn Færøy
|
|
|
Filnavn: Finn Ytrøy
Beskrivelse: Bilete er teke på Søfteland.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1062
Krediteres: Leif Hjønnevåg
|
|
|
Filnavn: D 3
Beskrivelse: Jenny og Lorentz med kaffibordet i barnedåpen til sonensonen, Rolf. Lorentz var fiskar. I 1947 kosta han saman med andre ei ny M/S Telma ei 54 fot lang kryssarbygd skøyte som han dreiv fiske med til 1960, då ho vart seld. Motor var 60 HK 1 syl. Union.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1067
Krediteres: Fritjof Ødejord
|
|
|
Filnavn: K 10
Beskrivelse: Å lage desse modellane er svært interessant, smiler Martinus. Om arbeidsprosessen er lettare, kan framgangsmåten i mangt likne båtarbeidet han utførte i nausta
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1068
Krediteres:
|
|
|
Filnavn: I 4
Beskrivelse: Det var nok meir enn ein som vart litt blanke om auga då M/B Værøy la seg i ro borte på vika og drog tre gonger i fløyta før han gleid sakte ut av Kolgrov-vika for siste gong. I dag ville likevel ingen byte han tilbake mot ekspressbåtane.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1069
Krediteres: Gunnfrid Eide
|
|
|
Filnavn: I 3
Beskrivelse: I3 I mai 1972 låg M/S Værøy ved kai i Kolgrov på den siste turen i den gamle vare-, post- og passasjerruta på Solund. Same månaden vart M/B Solundir sett inn i ekspressruta på Solund og Gulen, ein revolusjon i reisetid og komfort. Det var alltid karane som gjekk på kaia opp når dampen kom. Kvinnene passa middagskokinga og venta på fersk rapport når karane kom heim att.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1070
Krediteres: Gunnfrid Eide
|
|
|
Filnavn: E 9
Beskrivelse: Dei eldste nausta og buene på Færøy var bygde for drift med robåtar og heimefiske. Me ser den lange vòren som Wilhelm T. Færøy bygde av stein han køyrde til sjøs frå heimebøen. Hit ut har Vilhelm bygt alt sjølv. Etter kvart vart vòren 150 meter, men aller siste delen vart bygd av Hamevesenet. I 1961-1963 vart det bygd molo for offentlege midlar, og no først fekk Færøy trygg og god hamn. Ved berget th kom betongkaia med nothengja.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1071
Krediteres: Hanna Færøy
|
|
|
Filnavn: D 4
Beskrivelse: Det var mannskapet på M/S Telma som sytte for at Lorentz Ødejord fekk Ulabrandstatuetten, som det vart laga berre 12 av. Dette vakre heidersteiknet var laga av den kjende kunstnaren Ørnulf Bast.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1072
Krediteres:
|
|
|
Filnavn: D2
Beskrivelse: Det er 22 år gamle Andreas Geitarøy Strømmen å takke at mannskapet kom over Nordsjøen i live, etter at "m/sTelma" nær hadde gått ned i nordvest storm.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1073
Krediteres: Konstanse Strømmen
|
|
|
Filnavn: B2
Beskrivelse: Kari Årøy tilsamans med mora si i kyrkja ein søndag sumaren 1943
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1074
Krediteres: Per Årøy
|
|
|
Filnavn: Q 6
Beskrivelse: Grensebevis nr 672-40 for tenar Johanna Vaulen. Passet er utskrive av lensmann Johannes Mathiesen 15.nov. 1940. "Dette bevis gir innehaveren rett til å ferdes i følgende politidistrikt i grensesone Vest: 1 Fjordane 2 Sogn 3 Hordaland 4 Bergen ".
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1075
Krediteres:
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 22
Beskrivelse: Motorlettbåt og nordfjordfæring, mann og hund - i blankstilla.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1028
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 30
Beskrivelse: Huset slik det står i dag var sansynleg bygd rundt 1850 åra. Men det er timre innvendig som er mykje eldre en det. Båten vi ser er "Larus" eigd av Per Solemdal og Dag Willgohs.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1001
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 29
Beskrivelse: M/S Nesøy har lagt til kai ved Taklebua.Tomme mjølkekorger skal i retur til meieriet. Midt under lastekorga i frakk: ekspeditøren, Sverre Takle. Etter at det kom veg rundt pøyla, slapp dei føre varene med båt til krambua. Ei stor lette for dekksmannskapet vart det når vinsj og bom kunne styrast med manøverspakar frå bakkant av romluka. I 1972 fekk desse trufaste, vakre båtane avløysing av Solundir, og ny ruteplan.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1002
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 28
Beskrivelse: Krambua på Lågøy var både butikk og kultursenter. Lynraskt pakkar handelsmann Kristoffer Hagen inn varer i gråpapir med band rundt. I taker heng jamvel skilt med varer til 5 kroner. Etter handelen gjekk skosene og nyhenda lystig frå brødkassen innfor butikkdøra. På dampdagane var det godt oppmøte. Hagen var ein triveleg og godt likt handelsmann. "Får i mårå, får i mårå" var standarsvaret når han var lens for ei vare.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1003
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 27
Beskrivelse: Johan Fredrik Willghos th var fugleforskar og hadde nær kontakt og godt vennskap med Solheim-folket. Han kom i motorbåt og låg lange tider kring i Solund og observerte ørn, hubro og andre artar. Her slår han og sonen av ein prat med huslyden i Stokkevågneset.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 996
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 26
Beskrivelse: Kristoffer Hagen har henta posten som kom med båten. Varer vert lossa og lasta. Bensinfat av den gamle sorten står stua på dekk. Det ser ut til å vere ein regnversdag.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1004
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 25
Beskrivelse: Her sende Laurits Råke sauer til slakt. På kaia ser me det ligg blant anna asetylenflasker som vart brukt til fyrlyktene rundt om i leia.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1005
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 24
Beskrivelse: Hagen pumpar bensin til Willgohs. Bensinpumpa er nok ute av drift sidan den ligg på kaia.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1006
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 23
Beskrivelse: Ein gråversdag med synnavind.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1007
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|