101-200

Gå til side: 1 2 3 4 5 Neste
Filnavn: 104 Søre Hop Storkveite
Beskrivelse: Trygve er ein ivrig fiskar, med kveitetog (-liner) sør får Tungodden slo det bra til. Eit respektabelt uhyre protesterte lenge. Dei lurte på om ho måtte slepast heim, men endeleg fekk dei henne om bord. Beistet var 150 kg rund.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 098
Krediteres: Trygve Hop
Trygve er ein ivrig fiskar, med kveitetog (-liner) sør får Tungodden slo det bra til. Eit respektabelt uhyre protesterte lenge. Dei lurte på om ho måtte slepast heim, men endeleg fekk dei henne om bord. Beistet var 150 kg rund.

Filnavn: 100 Søre Hop Dokterbåt 1
Beskrivelse: Trygve Hop overtok som førar på den kommunale dokterskyssbåten i 1963. I 1972 kjøpte han sjølv ny dokterskyss-/ambulansebåt, som fekk namnet Solund. Båten var ein såkalla Westcruisar, bygd i Selje. Denne båten gjekk med kring 20 knop, han fekk avløysing i 1979.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 100
Krediteres: Trygve Hop
Trygve Hop overtok som førar på den kommunale dokterskyssbåten i 1963. I 1972 kjøpte han sjølv ny dokterskyss-/ambulansebåt, som fekk namnet Solund.  Båten var ein såkalla Westcruisar, bygd i Selje. Denne båten gjekk med kring 20 knop, han fekk avløysing i 1979.

Filnavn: 101 Søre Hop Sjøbua
Beskrivelse: Det hender at "Trude Karine" ligg heime også, her på sin faste plass: Ved den store sjøbua på Søre-Hop, eit toetasjars sjøhus som var bygt for landnotdrift.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 101
Krediteres: Trygve Hop
Det hender at &quotTrude Karine" ligg heime også, her på sin faste plass: Ved den store sjøbua på Søre-Hop, eit toetasjars sjøhus som var bygt for landnotdrift.

Filnavn: 102 Søre Hop Planlegging langtur
Beskrivelse: Her sit Trygve heime og planlegg langtur til Østersjøen, ei reis han også realiserte.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 102
Krediteres: Trygve Hop
Her sit Trygve heime og planlegg langtur til Østersjøen, ei reis han også realiserte.

Filnavn: 103 Søre Hop Båthenting England
Beskrivelse: Trygve Hop og Jostein Nesøy var i England og henta ein splitter ny Fairline 44 båt som dei gjekk gjennom Kielkanalen (biletet) med og leverte til eigaren i Stockholm.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 103
Krediteres: Trygve Hop
Trygve Hop og Jostein Nesøy var i England og henta ein splitter ny Fairline 44 båt som dei gjekk gjennom Kielkanalen (biletet) med og leverte til eigaren i Stockholm.

Filnavn: 108 Borghild og Trygve Hop
Beskrivelse: Ekteparet Borghild og Trygve. Gifte i dobbeltbryllaup på Søre-Hop 1950 og vart brukarar her, som var farsgarden til Trygve. Blide, imøtekommande og gjestfrie, nett slik biletet uttrykkjer. Trygve var krigsseglar, etter krigen fiskeskipper, i ein 20-årsperiode hadde han dokterskyssarbeidet i Solund, og kosta etterkvart skyssbåtar sjølv.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 108
Krediteres: Trygve Hop
Ekteparet Borghild og Trygve. Gifte i dobbeltbryllaup på Søre-Hop 1950 og vart brukarar her, som var farsgarden til Trygve. Blide, imøtekommande og gjestfrie, nett slik biletet uttrykkjer. Trygve var krigsseglar, etter krigen fiskeskipper, i ein 20-årsperiode hadde han dokterskyssarbeidet i Solund, og  kosta etterkvart skyssbåtar sjølv.

Filnavn: 109 Vabein
Beskrivelse: Vadbein av tre til å feste på ripa.
Biletet er frå Gåsværsamlinga og vart fotografert for Solund Kulturvernnemnd.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 109
Krediteres:
Vadbein av tre til å feste på ripa.
Biletet er frå Gåsværsamlinga og vart fotografert for Solund Kulturvernnemnd.

Filnavn: 110 Sildeskimle
Beskrivelse: Sildeskimla er ei trefjøl med jernsøkke festa i enden. I andre enden var tauet som dei slakka ut og korta inn, dermed kunne dei skremme eller møte silda etter behov.
Biletet er frå Gåsværsamlinga og vart fotografert for Solund Kulturvernnemnd.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 110
Krediteres:
Sildeskimla er ei trefjøl med jernsøkke festa i enden. I andre enden var tauet som dei slakka ut og korta inn, dermed kunne dei skremme eller møte silda etter behov.
Biletet er frå Gåsværsamlinga og vart fotografert for Solund Kulturvernnemnd.

Filnavn: 111 Forsyndkrokar
Beskrivelse: Heklekrokar/forsyndkrokar av tre til å "slå"forsynd (fortaum) med.
Biletet er frå Gåsværsamlinga og vart fotografert for Solund Kulturvernnemnd.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 111
Krediteres:
Heklekrokar/forsyndkrokar av tre til å &quotslå&quotforsynd (fortaum) med.
Biletet er frå Gåsværsamlinga og vart fotografert for Solund Kulturvernnemnd.

Filnavn: 112 Garnrulle
Beskrivelse: Garnrull til å setje fast på ripa/ eller i "rangaren" på båten. Merk at rullen er konstruert til å liggje nokolunde vassrett sjølv om båten er godt springa.
Ein slik rull letta garn- og linedraging monaleg.
På Breidalsneset i Rørdalsfjorden laga ein kar liknande garnrullar på bestilling.
Biletet er frå Gåsværsamlinga og vart fotografert for Solund Kulturvernnemnd.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 112
Krediteres:
Garnrull til å setje fast på ripa/ eller i &quotrangaren" på båten. Merk at rullen er konstruert til å liggje nokolunde vassrett sjølv om båten er godt springa.
Ein slik rull letta garn- og linedraging monaleg.
På Breidalsneset i Rørdalsfjorden laga ein kar liknande garnrullar på bestilling.
Biletet er frå Gåsværsamlinga og vart fotografert for Solund Kulturvernnemnd.

Filnavn: 113 Saltskår Ved kai i Sogn
Beskrivelse: Den dyktige, erfaringsrike notbasen og fiskebåtreiaren Anton Saltskår var nærmast legendarisk på feltet. God mot mannskapet, venesæl mot alle. Ein lukkefugl på sjøen, og ein grundig læremeister for unge, som meir enn gjerne ville vere med Anton på fiske.
Her i kjend posisjon, oljekledd og klar for innsats.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 113
Krediteres: Inglaug Sætevik
Den dyktige, erfaringsrike notbasen og fiskebåtreiaren Anton Saltskår var nærmast legendarisk på feltet.  God mot mannskapet, venesæl mot alle. Ein lukkefugl på sjøen, og ein grundig læremeister for unge, som meir enn gjerne ville vere med Anton på fiske.
Her i kjend posisjon, oljekledd og klar for innsats.

Filnavn: 114 Anton Saltskår-2
Beskrivelse: Den dyktige, erfaringsrike notbasen og fiskebåtreiaren Anton Saltskår var nærmast legendarisk på feltet. God mot mannskapet, venesæl mot alle. Ein lukkefugl på sjøen, og ein grundig læremeister for unge, som meir enn gjerne ville vere med Anton på fiske.
Her i kjend posisjon, oljekledd og klar for innsats.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 114
Krediteres: Inglaug Sætevik
Den dyktige, erfaringsrike notbasen og fiskebåtreiaren Anton Saltskår var nærmast legendarisk på feltet.  God mot mannskapet, venesæl mot alle. Ein lukkefugl på sjøen, og ein grundig læremeister for unge, som meir enn gjerne ville vere med Anton på fiske.
Her i kjend posisjon, oljekledd og klar for innsats.

Filnavn: 115 Saltskår, Anton 1
Beskrivelse: Den dyktige, erfaringsrike notbasen og fiskebåtreiaren Anton Saltskår var nærmast legendarisk på feltet. God mot mannskapet, venesæl mot alle. Ein lukkefugl på sjøen, og ein grundig læremeister for unge, som meir enn gjerne ville vere med Anton på fiske.
Her i kjend posisjon, oljekledd og klar for innsats.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 115
Krediteres: Inglaug Sætevik
Den dyktige, erfaringsrike notbasen og fiskebåtreiaren Anton Saltskår var nærmast legendarisk på feltet.  God mot mannskapet, venesæl mot alle. Ein lukkefugl på sjøen, og ein grundig læremeister for unge, som meir enn gjerne ville vere med Anton på fiske.
Her i kjend posisjon, oljekledd og klar for innsats.

Filnavn: 116 Søre Hop Ankerhiving
Beskrivelse: Litt av eit strev når ankeret på "Calbuco" skal hivast opp. Dette vert andre saker enn "nabbaspelet" på sognejektene! Matros Trygve Hop i midten.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 116
Krediteres: Trygve Hop
Litt av eit strev når ankeret på &quotCalbuco" skal hivast opp. Dette vert andre saker enn &quotnabbaspelet" på sognejektene! Matros Trygve Hop i midten.

Filnavn: 117 Søre Hop Calbuco
Beskrivelse: Fullriggaren "Calbuco" var under første verdskrigen norsk under namnet "Karmø". Biletet her viser fartyet under chilensk flagg. Under andre
verdskrigen var Trygve Hop matros om bord her i ca. 2 år.
"Calbuco" var bygd i 1885, og var med sine 1619 brt. 249 fot. Skipet, som aldri hadde innsett motor, vart hogd opp i Italia 1948, 63 år gammalt.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 117
Krediteres: Trygve Hop
Fullriggaren &quotCalbuco" var under første verdskrigen norsk under namnet &quotKarmø". Biletet her viser fartyet under chilensk flagg. Under andre
verdskrigen var Trygve Hop matros om bord her i ca. 2 år.
&quotCalbuco" var bygd i 1885, og var med sine 1619 brt. 249 fot. Skipet, som aldri hadde innsett motor,  vart hogd opp i Italia 1948, 63 år gammalt.

Filnavn: 118 Søre Hop Under storseglet
Beskrivelse: Matros Trygve Hop har teke pause under storseglet på "Calbuco".
Objektnavn: Solundarkivet nr: 118
Krediteres: Trygve Hop
Matros Trygve Hop har teke pause under storseglet på &quotCalbuco".

Filnavn: 121 Gåsvær,Rakke og griseblåse
Beskrivelse: Her kjem Rasmus med ei garnblåse av grisemage. Denne var i bruk kring 1850. Hans studerer den finurleg laga "rakkjin" (rakken), ein slags kulering av tre, eit "rullelager" som kunne gli opp og ned langs masta.
Reiskapane er frå Gåsværsamlinga.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 121
Krediteres: Magne Hamre
Her kjem Rasmus med ei garnblåse av grisemage. Denne var i bruk kring 1850. Hans studerer den finurleg laga &quotrakkjin" (rakken), ein slags kulering av tre, eit &quotrullelager" som kunne gli opp og ned langs masta.
Reiskapane er frå Gåsværsamlinga.

Filnavn: 122 Basholm, størjefangst
Beskrivelse: Basholm frå Gåsvær var på størjefisket frå 1951 til 1980 og hadde fangst i alle år. I 1972 vart dei beste båt, ”ikkje fordi me fiska så godt, men av di andre fiska dårlegare” fortel skipperen, Asbjørn Gåsvær. Dette året vart størsteparten av sesongen øydelagd av dårleg ver.
I Solund gjekk mange saman om å koste seg størjenøter, det var jamvel dei som åtte to størjebruk. I alt gjekk kring 10 Solund-farty med størjenot. I tillegg kom mange båtar som vart utleigde til følgjarar. Dei som ikkje åtte notfarty sjølve, leigde utanfrå.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 122
Krediteres: Anne Marie G. Færøy
Basholm frå Gåsvær var på størjefisket frå 1951 til 1980 og hadde fangst i alle år. I 1972 vart dei beste båt, ”ikkje fordi me fiska så godt, men av di andre fiska dårlegare” fortel skipperen, Asbjørn Gåsvær. Dette året vart størsteparten av sesongen øydelagd av dårleg ver.
I Solund gjekk mange saman om å koste seg størjenøter, det var jamvel dei som åtte to størjebruk. I alt gjekk kring 10 Solund-farty med størjenot.  I tillegg kom mange båtar som vart utleigde til følgjarar.  Dei som ikkje åtte notfarty sjølve, leigde utanfrå.

Filnavn: 123 Nesefjord
Beskrivelse: Her ser vi Nesefjord på veg inn til Egersund. Skøyta er her på hjelping, me ser at sildebingane på dekk er opprigga, klar til håvings så snart det på feltet byr seg eit høve. Fint å sjå at eigarane registrerte fartyet i Solund, endå Odd var flytta til Alversund då båten vart kosta.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 123
Krediteres: Olav Mikkelsen
Her ser vi Nesefjord på veg inn til Egersund. Skøyta er her på hjelping, me ser at sildebingane på dekk er opprigga, klar til håvings så snart det på feltet byr seg eit høve. Fint å sjå at eigarane registrerte fartyet i Solund, endå Odd var flytta til Alversund då båten vart kosta.

Filnavn: 124 Stokkevågfjellet
Beskrivelse: Frå det steinete landskapet kring radiostasjonen som Karl Nesfossen og Eivind Viken etablerte våren 1944. Dei hadde god aukekontakt med Husefjellet der den tyske vaktstasjonen låg. Sverre Vaulen bar opp mat og utstyr, og tok dagvakter saman med dei to ved sendaren.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 124
Krediteres: Sverre Vaulen
Frå det steinete landskapet kring radiostasjonen som Karl Nesfossen og Eivind Viken etablerte våren 1944. Dei  hadde god aukekontakt med Husefjellet der den tyske vaktstasjonen låg. Sverre Vaulen bar opp mat og utstyr, og tok dagvakter saman med dei to ved sendaren.

Arkivansvarleg: Finn J Hugøy.