1600-1700

Gå til side: 1 2 3 4 5 6 Neste
Filnavn: kirsten ask
Beskrivelse: Kirsten Nilsen Hertzberg kom frå den vesle plassen Elvvang under Grønevik. Familien kjøpte her i 1939, men hadde budd mange år i Skifjorden. Kirsten var einebarn, og fekk sin første organisasjonspraksis frå ungdomslaget Framsteg i Austerfjorden. Ho gifte seg med Adolf K. Ask og vart buande i Askvoll. Kirsten engasjerte seg aktivt i kultur- og politisk arbeid. Bl.a. var ho medlem av Sogn og Fjordane fylkesting. I si tid var ho også gjest i eit Heradstveitprogram på NRK, og i 1983 var ho 17.-maitalar i Solund.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1694
Krediteres: Cecilie Evensen
Kirsten Nilsen Hertzberg kom frå den vesle plassen Elvvang under Grønevik. Familien kjøpte her i 1939, men hadde budd mange år i Skifjorden. Kirsten var einebarn, og fekk sin første organisasjonspraksis frå ungdomslaget Framsteg i Austerfjorden. Ho gifte seg med Adolf K. Ask og vart buande i Askvoll. Kirsten engasjerte seg aktivt i kultur- og politisk arbeid. Bl.a. var ho medlem av Sogn og Fjordane fylkesting. I si tid var ho også gjest i eit Heradstveitprogram på NRK, og  i 1983 var ho 17.-maitalar i Solund.

Filnavn: ss1663
Beskrivelse: F. v.: Karina Strømmen (frå Sletta Nautøy, gift med Lyder, ishavsskipperen), Jakob Strømmen, sonen til Karina. Ola Johan og Margrete Strømmen. Bak står Petter Strømmen, og Hanna Strømmen med dei 3 jentene deira: Solveig, Margit og Oddlaug. Ein gut er Lyder, som er bror til Jakob.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1700
Krediteres: Margrethe Ravnøy
F. v.: Karina Strømmen (frå Sletta Nautøy, gift med Lyder, ishavsskipperen), Jakob Strømmen, sonen til Karina. Ola Johan og Margrete Strømmen. Bak står Petter Strømmen, og Hanna Strømmen med dei  3 jentene deira: Solveig, Margit og Oddlaug. Ein gut er Lyder, som er bror til Jakob.

Filnavn: ss1662
Beskrivelse: T. h.: Ole Johan Strømmen. Stor barneflokk: Av 13 born voks 12 opp.
Midten bakarhuset: Ola Johan, seinare sonen, Bernhard Strømmen. I svala mot sør var krambu. Innanfor vindauga - t. h. for inngangsdøra - var bakeriet, med bakaromn/grue i gråstein. Bernhard Strømmen bygde nytt hus (t.v. for hamna) i 1918.
Huset t. v.: Oluf Strømmen, ivrig kveitefiskar. Han kjøpte huset etter lærarfamilien Søreide.
Huset nærast sjøen: Peder Strømmen.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 1699
Krediteres: Margrethe Ravnøy
T. h.: Ole Johan Strømmen. Stor barneflokk: Av 13 born voks 12 opp.
Midten bakarhuset: Ola Johan, seinare sonen, Bernhard Strømmen. I svala mot sør var krambu. Innanfor vindauga - t. h. for inngangsdøra - var bakeriet, med bakaromn/grue i gråstein. Bernhard Strømmen bygde nytt hus  (t.v. for hamna) i 1918.
Huset t. v.: Oluf Strømmen, ivrig kveitefiskar. Han kjøpte huset etter lærarfamilien Søreide.
Huset nærast sjøen: Peder Strømmen.

Filnavn: ss1661
Beskrivelse: Ola Johan og Margrete var brukarar i Straumen. Ho var frå nabogrenda Kolgrov. Dei budde i bakarhuset, Ola var bakar og brukte ein del av huset til bakeri og krambu. Av barneflokken på 9 voks alle opp. Her er dei to eit vakkert gullbryllaupspar. - Du må klyppe meg fint no eg skal vere gullbrudgom, sa Ola Johan framfor feiringa
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1698
Krediteres: Margrethe Ravnøy
Ola Johan og Margrete var brukarar i Straumen. Ho var frå nabogrenda Kolgrov. Dei budde i bakarhuset, Ola var bakar og brukte ein del av huset til bakeri og krambu. Av barneflokken på 9 voks alle opp. Her er dei to eit vakkert gullbryllaupspar. - Du må klyppe meg fint no eg skal vere gullbrudgom, sa Ola Johan framfor feiringa

Filnavn: ss1660
Beskrivelse: Oswald Strømmen var med onkelen sin, ishavsskipperen Lyder, som kokk på Ishavet alt som 16-åring. Her kikar han på ein selunge.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1697
Krediteres: Margrethe Ravnøy
Oswald Strømmen var med onkelen sin, ishavsskipperen Lyder, som kokk på Ishavet alt som 16-åring. Her kikar han på ein selunge.

Filnavn: ss1659
Beskrivelse: Bernhard var fødd på garden Straumen og tok over bruket etter far sin. Han tok også over som bakar etter faren, og bakte bl. a. på Nåra. Elles var han fiskar. Anne var kona hans, ho var frå Rørdal. Dei gifte seg i 1911, og bygde nytt hus i 1918. Bernhard kom vekk på sjøen berre 49 år gammal.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1695
Krediteres: Margrethe Ravnøy
Bernhard var fødd på garden Straumen og tok over bruket etter far sin. Han tok også over som bakar etter faren, og bakte bl. a. på Nåra. Elles var han fiskar. Anne var kona hans, ho var frå Rørdal. Dei gifte seg i 1911, og bygde nytt hus i 1918. Bernhard kom vekk på sjøen berre 49 år gammal.

Filnavn: ss1658
Beskrivelse: Bernhard Strømmen, stuert og bakar. Han hadde ei tid part i selfangaren Hvitefjeld som eldstebroren, Lyder, og Jan Hess åtte. Bernhard var stuert på selfangarar. Han åtte også storsildenot og motorgavl.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1696
Krediteres: Margrethe Ravnøy
Bernhard Strømmen, stuert og bakar. Han hadde ei tid part i selfangaren Hvitefjeld som eldstebroren, Lyder, og Jan Hess åtte. Bernhard var stuert på selfangarar. Han åtte også storsildenot og motorgavl.

Filnavn: ss1692
Beskrivelse: Utfor buaveggen på Solneset står brørne Bernt og Alfred saman med mor deira, Lovise. I kvit skjorte, Leif frå Nåra. Han gifte seg med Astrid, som eigentleg voks opp på Solneset, slik vart han som ein svoger. Dei tre karane åtte størjenot ilag, saman med Håkon Tungodden. I bakgrunnen styrehuset på gavlen ”Nyland”, og lengst bak skimtar me ”Solnes 1”.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1656
Krediteres: Oddny Ravnøy
Utfor buaveggen på Solneset står brørne Bernt og Alfred saman med mor deira, Lovise. I kvit skjorte, Leif frå Nåra. Han gifte seg med Astrid, som eigentleg voks opp på Solneset, slik vart han som ein svoger. Dei tre karane åtte størjenot ilag, saman med Håkon Tungodden. I bakgrunnen styrehuset på gavlen ”Nyland”, og lengst bak skimtar me ”Solnes 1”.

Filnavn: ss1690
Beskrivelse: 56-fots Solnes I var innkjøpt frå Askøy i 1948. Han gjennomgjekk ein god del utbetringar i Solund, bl. a. ny ruff og kahytt, nytt styrehus. Den svenske maskina, 50 hk Ideal, vart utskifta med 60 hk 2-syl. Union i 1956. Det var brørne Alfred og Bernt Ravnøy som åtte han. Bernt var skipper. Bruksområde: Driving, hjelping, størjefølgjar. Båten vart seld til Austevoll i 1958 og blei kondemnert 4-5 år etterpå.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1654
Krediteres: Oddny Ravnøy
56-fots Solnes I var innkjøpt frå Askøy i 1948. Han gjennomgjekk ein god del utbetringar i Solund, bl. a. ny ruff og kahytt, nytt styrehus. Den svenske maskina, 50 hk Ideal, vart utskifta med 60 hk 2-syl. Union i 1956. Det var brørne Alfred og Bernt Ravnøy som åtte han. Bernt var skipper. Bruksområde: Driving, hjelping, størjefølgjar.  Båten vart seld til Austevoll i 1958 og blei kondemnert 4-5 år etterpå.

Filnavn: ss1691
Beskrivelse: I 1954 feira dei bryllaup på Solneset, brurpar var Bernt og Oddny.
Bryllaupsbåt er Solnes 1, på veg til Hardbakke. Bak brurparet: Lovise, mor til brudgommen. Til sides: Johannes og Marie, foreldra til brura.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 1655
Krediteres: Oddny Ravnøy
I 1954 feira dei bryllaup på Solneset, brurpar var Bernt og Oddny.
Bryllaupsbåt er Solnes 1, på veg til Hardbakke. Bak brurparet: Lovise, mor til brudgommen. Til sides: Johannes og Marie, foreldra til brura.

Filnavn: cesilie evensen0003
Beskrivelse: Harald Engevik frå Solund var i mange år skipper på Solundir. Her skimtar me han så vidt bak styrehusruta. Det var ikkje plass til varer om bord sidan dette var ein rein passasjerbåt. Men i styrehuset stod alltid eit par stablar med bruskassar. Dei brukte å seie om Harald Engevik, når han druste nord Lågøyfjorden i hardt nordvestvêr, at han sakka aldri på om det fauk berre ein bruskasse ned trappa frå styrehuset, men kom der tre samtidig, tok han i hendlane.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1689
Krediteres: Cecilie Evensen
Harald Engevik frå Solund var i mange år skipper på Solundir. Her skimtar me han så vidt bak styrehusruta. Det var ikkje plass til varer om bord sidan dette var ein rein passasjerbåt. Men i styrehuset stod alltid eit par stablar med bruskassar. Dei brukte å seie om Harald Engevik, når han druste nord Lågøyfjorden i hardt nordvestvêr, at han sakka aldri på om det fauk berre ein bruskasse ned trappa frå styrehuset, men kom der tre samtidig, tok han i hendlane.

Filnavn: ss1651
Beskrivelse: Reine revolusjonen i persontransporten vart det i 1972 då snøggbåten Solundir kom. No kunne sulingane nå Bergen på 3½ time. Solundir var bygd på eit marinebåtskrog og gjorde god fart. Her legg han til ved Daløy kai.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1687
Krediteres: Cecilie Evensen
Reine revolusjonen i persontransporten vart det i 1972 då snøggbåten Solundir kom. No kunne sulingane nå Bergen på 3½ time. Solundir var bygd på eit marinebåtskrog og gjorde god fart. Her legg han til ved Daløy kai.

Filnavn: ss1652
Beskrivelse: Solundir legg ut frå Daløy kai og er - etter Nåra - klar for byturen, i sørkuling rett nok. Ingen blei svimmel av breidda, men båten kunne gå i utruleg hardt ver.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1688
Krediteres: Cecilie Evensen
Solundir legg ut frå Daløy kai og er -  etter Nåra - klar for byturen, i sørkuling rett nok. Ingen blei svimmel av breidda, men båten kunne gå i utruleg hardt ver.

Filnavn: ss1693
Beskrivelse: Utfor buaveggen på Solneset står brørne Bernt og Alfred saman med mor deira, Lovise. I kvit skjorte, Leif frå Nåra. Han gifte seg med Astrid, som eigentleg voks opp på Solneset, slik vart han som ein svoger. Dei tre karane åtte størjenot ilag, saman med Håkon Tungodden. I bakgrunnen styrehuset på gavlen ”Nyland”, og lengst bak skimtar me ”Solnes 1”.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1657
Krediteres: Oddny Ravnøy
Utfor buaveggen på Solneset står brørne Bernt og Alfred saman med mor deira, Lovise. I kvit skjorte, Leif frå Nåra. Han gifte seg med Astrid, som eigentleg voks opp på Solneset, slik vart han som ein svoger. Dei tre karane åtte størjenot ilag, saman med Håkon Tungodden. I bakgrunnen styrehuset på gavlen ”Nyland”, og lengst bak skimtar me ”Solnes 1”.

Filnavn: ss1649
Beskrivelse: Helgekledde basarfolk har lagt til lands og skal gje sitt tilskot på basaren i Bedehuset, i denne stille, fine søndagen. Skøyta Flid frå Kalgraff er nok den som kjem med dei fleste deltakarane. Skipper og skøytereigar, Bernt Kalgraff, står framme og ordnar med tau. Guten bak han i kvit skjorte er Jan Kalgraff, fremst på bakken sit Frode Kalgraff. Ein gut ved sida av lugarkappen er Oskar Eide. Ved rekka sit arkitekt Lambak, han har m. a. teikna 3 av dei eldre husa på Kalgraff.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1685
Krediteres: Åsta Oltedal Kvalvik
Helgekledde basarfolk har lagt til lands og skal gje sitt tilskot på basaren i Bedehuset, i denne stille, fine søndagen. Skøyta Flid frå Kalgraff er nok den som kjem med dei fleste deltakarane. Skipper og skøytereigar, Bernt Kalgraff, står framme og ordnar med tau. Guten bak han i kvit skjorte er Jan Kalgraff, fremst på bakken sit Frode Kalgraff. Ein gut ved sida av lugarkappen er Oskar Eide. Ved rekka sit arkitekt Lambak, han har m. a. teikna 3 av dei eldre husa på Kalgraff.

Filnavn: ss1650
Beskrivelse: Korleis det har gått med gevinstane på basaren, veit me ikkje. Men no er det tid for å fare heim, Rubben tuslar alt på sakte. Håkon Hjønnevåg og sonen, Bjarne, står i sjarken deira og ser basarlyden vel om bord i Flid frå Kalgraff. Dei meir skarpsynte dreg sikkert kjensel på fleire av folka på dekk. Me har fått namn som Ingebjørg (Eide) Lohne, Joveig Kalgraff, Jan Kalgraff, Bjarte Svein Kalgraff og Jarle Eide. Ved sida av lugarkappen, arkitekt Lamback, kona hans er også med.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1686
Krediteres: Åsta Oltedal Kvalvik
Korleis det har gått med gevinstane på basaren, veit me ikkje. Men no er det tid for å fare heim, Rubben tuslar alt på sakte. Håkon Hjønnevåg og sonen, Bjarne, står i sjarken deira og ser basarlyden vel om bord i Flid frå Kalgraff. Dei meir skarpsynte dreg sikkert kjensel på fleire av folka på dekk. Me har fått namn som Ingebjørg (Eide) Lohne, Joveig Kalgraff, Jan Kalgraff, Bjarte Svein Kalgraff og Jarle Eide. Ved sida av lugarkappen, arkitekt Lamback, kona hans er også med.

Filnavn: ss1611
Beskrivelse: Litt av ein barneflokk samla på Klubben. Borna med etternamn Evjenth var sysken. Likeins var det med borna som bar etternamnet Kverhellen, Leknessund, og Kvalvik. Alle hadde dei Karina og Bernt Kverhellen til besteforeldre.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1650
Krediteres: Jorunn og Solveig Kverhellen
Litt av ein barneflokk samla på Klubben. Borna med etternamn Evjenth var sysken. Likeins var det med borna som bar etternamnet Kverhellen, Leknessund, og Kvalvik. Alle hadde dei Karina og Bernt Kverhellen til besteforeldre.

Filnavn: ss1614
Beskrivelse:
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1653
Krediteres: Jorunn og Solveig Kverhellen
<%=FWT_IPTC120%>

Filnavn: ss1635
Beskrivelse:
Dette er den nordaustlege delen av Nautøy slik det såg ut i 1930. Fotografen, Alf Sæternes, frå Gulen var nothund og med på sildekastet i 1929, det me har fleire registrerte bilete av. Då tok han nok dette biletet her. Jon Kvalvik har gjeve ein nærare omtale av husa. Her nøyer me oss med namn og funksjon.
1: Nyeskjåen. Brukt til vedhus. Før denne stod her to gamle.
2: Båtnaustet i Kvalvika, naturleg nok utan fast golv så sjøborden kunne gå igjennom.
3: Stova til Uren/Johannes Notø.
4: Vedhuset til Kristoffer Notøy. Deler av det hadde vore gardshus i Kvalvika for 5 generasjonar.
5: Fjøsbygningen på Sletta.
6: Gardshuset på Sletta før Bernt Kverhellen kjøpte bruket. Siste fastbuande var Arnt og Anna Herland.
7: Huset Bernt Kverhellen bygde då han kjøpte bruket. No bur Bjarne Kverhellen her.

Objektnavn: Solundarkivet nr: 1673

Filnavn: ss1634

Arkivansvarleg: Finn J Hugøy.