Filnavn: ss1609
Beskrivelse: M/S "Voldi" på toskefiske i Lofoten. "Voldi" var kjøpt av brødrene Einar, Petter og Andreas P. Færøy i 1946. Då 56,1 fot med 50 hk. Union. "Voldi" var på drevet frå 1947, men var og nokre vintrar i Lofoten på torskefiske som fylgjar med "Nordsolund". "Voldi" vart seinare forlengd og nytta i fraktfart.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 977
Krediteres: Jorunn Færøy
|
|
|
Filnavn: ss0418
Beskrivelse: Her er borna samla utfor den gamle skulestova på Hersvik.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 952
Krediteres: Olav Hersvik
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 34
Beskrivelse: Vi ser sydover Lågøysundet. Th for naustet ligg Kirkjeberget. Her la flok til når dei etla seg opp til kapellet, som stod her i mellomalderen. Me ser også i "fonna" av stein langs fjæra. Bøndene kom ikkje gratis til dei slette slåttebøane me ser i dag.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 997
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 33
Beskrivelse:
Objektnavn: Solundarkivet nr: 998
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 32
Beskrivelse: Her vert det lasta sauer i seglet på den siste reis med M/S Nesøy som gjekk i rute for FSF på Solund.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 999
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 31
Beskrivelse: Utværvågen sett utover. Ein del av husa ser nok noko annleis ut i dag. Vi ser naust med torvtak. Skøyta, som ligg på fortøyningsplassen ved berget, er "Skarøy" 40 fot, 20 Hk Union. Det var brørne Johannes og Gerhard som åtte henne.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 1000
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Dag Willgohs 27
Beskrivelse: Johan Fredrik Willghos th var fugleforskar og hadde nær kontakt og godt vennskap med Solheim-folket. Han kom i motorbåt og låg lange tider kring i Solund og observerte ørn, hubro og andre artar. Her slår han og sonen av ein prat med huslyden i Stokkevågneset.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 996
Krediteres: Dag Willgohs
|
|
|
Filnavn: Martha Furevik6-1
Beskrivelse: Eit lite knippe av festlyden 17.mai. Fotografen har truleg falle for dei mange fargerike bunadene.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 991
Krediteres: Marta Furevik
|
|
|
Filnavn: Martha Furevik60-1
Beskrivelse: Brullap i Lenhesund Herman og Astrid Leknesund Staden er Instevika.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 992
Krediteres: Marta Furevik
|
|
|
Filnavn: Martha Furevik64-1
Beskrivelse: Skuletur til Alden var vanleg langt attende i tid.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 993
Krediteres: Marta Furevik
|
|
|
Filnavn: Martha Furevik64
Beskrivelse: Skuletur til Alden var vanleg langt attende i tid.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 993
Krediteres: Marta Furevik
|
|
|
Filnavn: 601
Beskrivelse: Jørgen Hansen budde i Indrøyvågen all sin dag. Han var ein uvanleg flink og trottig fiskar som dreiv sjøen med ein 30 fots motorbåt med Rappmotor. Han var grunnkjend frå dei ytste skallar og vidare innover. Særleg var han spesialist med liner. Han noterte fiskemeda - også etter faren - i ei bok som Solund sogelag i dag har fått av Olav Berntsen, Dalesund.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 955
Krediteres: Hans J Indrøy
|
|
|
Filnavn: Indrøy1
Beskrivelse: Indrøyvågen
Objektnavn: Solundarkivet nr: 954
Krediteres: Hans J Indrøy
|
|
|
Filnavn: Lineegning-331
Beskrivelse: Lineeging på Indrøy. Både store og små tok del.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 953
Krediteres: Hans J. Indrøy
|
|
|
Filnavn: Martha Furevik60
Beskrivelse: Brullap i Leknesund Herman og Astrid Leknesund Staden er Instevika.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 992
Krediteres: Marta Furevik
|
|
|
Filnavn: Martha Furevik6
Beskrivelse: Eit lite knippe av festlyden 17.mai. Fotografen har truleg falle for dei mange fargerike bunadene.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 991
Krediteres: Marta Furevik
|
|
|
Filnavn: Jorunn Færøy21
Beskrivelse: Til venstre ser vi "Gamlekrambua" den første staden det vart drive handel på Hersvik. Seinare vart denne snudd andre vegen, med langsida ned mot vegen. Huset var tømra og hadde fått nokre nye stokkar i høgda, sansynlegvis då det vart snudd. Løa er nok nyleg sett opp på dette biletet.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 956
Krediteres: Jorunn Færøy
|
|
|
Filnavn: Olav Bjarne Hersvik 10
Beskrivelse: Fine teikningar av Hersvik, Nilstunet og buene ved sjøen. Skjåen lengst til høgre stod rett syd for bua til Trygve Hugøy. Nauste til høgre er rive og oppført på Litle Færøy. Hermann Olsen Hugø har nok fiksa litt på namnet sitt som så mange andre. Men han var son til Ola Tonning Olson f. 1849 i Buskøy som kom til Hueneset kring 1882 frå Gåsvær, kor mor hans var gift. Hylleborg Hertsberg. Det er mogeleg han kjøpte stova til Jakob Thomasson. Han var gift med Dorthea Pedersdtr. Mårstig i 1882. Hermann var utreist som sjømann i 1900. Det er det som står i soga.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 948
Krediteres: Jorunn Færøy / Olav B Hersvik
|
|
|
Filnavn: Olav Bjarne Hersvik 9
Beskrivelse: Ungdommar på Hersvik, truleg ned for gamlehuset på Vollane.
Mor med "lue" på og Magda. Far bakerst til høgre (legg armen om Sverre og NN.
Objektnavn: Solundarkivet nr: 949
Krediteres: Olav Bjarne Hersvik
|
|
|
Filnavn: Olav Bjarne Hersvik 8
Beskrivelse: Olsokafta var det framsyning på sjøbua til Jo-folket (Bua i Jotunet), og bilete er teke mellom bua og naustet (med "Røveren" i bakgrunnen). To skodespel blei oppførde i åra kring 1930: "Hei, Ola der nord" og Ljugar-Lars".
Objektnavn: Solundarkivet nr: 950
Krediteres: Olav Bjarne Hersvik
|
|
|